søndag 19. juli 2020

Glimt frå historia til Lesja jernverk

Dette er manuskriptet til artikkel i Vigga 28. mai 2020. Der fekk den tittelen Da industrien kom til Lesja.

Eg vil framover skrive om ymse frå historia til Lesja jernverk, som var i drift i om lag 140 år frå sist på 1650-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om jernverket; det finst ikkje noko bedriftsarkiv. Kunnskapen vi har er i hovudsak frå andre kjelder der verket, gruvene eller tilknytte folk er nemnt.

Noko vi faktisk veit meir om enn mykje anna, er striden mellom prosten i Gudbrandsdalen, Iver Pedersen Adolf og futen same stad, Jørgen Filipssen, om sjølve oppstarten av verket. Den er mellom anna behandla av Ivar Kleiven i Lesja og Dovre (1923) og andre stader. Den kjem vi tilbake til etter kvart.

Men utan å gå for djupt må vi sjå litt på situasjonen i landet på midten av 1600-talet. Noreg vart eit «lydrike» under Danmark med reformasjonen i 1536–37. Den gamle norske regjeringa, riksrådet, vart avsett og danskekongen med det danske høgadelege riksrådet tok over styringa – perioden blir ofte kalla det danske adelsveldet. Kongen fekk styre, men riksrådet styrte i stor grad pengesekken og bestemte kor mykje skattar kongen fekk skrive ut. Sjølve betalte ikkje adelen skatt, og det førte mellom anna til at kongen gjennomførte statskupp hausten 1660, avsette riksrådet og tok eineveldig makt.

1600-talet var prega av krigar, og kongen (staten) var i konstant pengeknipe. Ein måte å styrke stats­kassa på var å utnytte naturressursane i Noreg, og det var spesielt skogen og malm i berggrunnen kongen var interessert i. Desse ressursane førte til framveksten av nye næringar; trelast for eksport og  bergverksdrift først og fremst for innanriks utnytting. Dei førte òg til framvekst av ei ny sosialgruppe: borgarskapet. Det var dei som dreiv handel og vareproduksjon, kalla borgarleg næring, i ein by. Nokre av dei klarte å samle kapital i større omfang som dei kunne låne ut til kongen. Det var ein viktig del av bakgrunnen for statskuppet; kongen hadde byborgarane i ryggen mot adelen. Som motyting gav kongen byane mellom anna monopol, privilegium, på all borgarleg næringsdrift innanfor ein sirkumferens, eit avgrensa område kring byen. Det same fekk bergverka; dei fekk einerett til å utnytte skogen og sjølvsagt malmen i eit definert område kring staden.

Vi kan gjerne si at framveksten av desse nye næringane òg var starten på den moderne stats­for­valtinga. Sjølv om København var maktsenteret, vart det sjølvsagt vanskeleg å detaljstyre bergverka og tre­last­handelen på så lang avstand. Kongen etablerte derfor kontor her til lands først og fremst for å sikre dei inntektene til statskassa verksemdene kasta av seg, først og fremst tiende og toll. Desse kontora vart ofte styrt av folk med borgarleg, ikkje adeleg bakgrunn, for dei hadde betre kompetanse på handel og økonomi.

For Lesja jernverk sin del var det derfor bergamtet, etablert i Oslo (Kristiania) i 1654 med ein berghauptmann som leiar, som var overordna organ for drifta i starten. I 1689 vart amtet delt i to: eit nordafjelsk og ein sønnafjelsk, og med det vart Lesjaverket lagt under Nordafjelske bergamt i Trondheim. Dessverre gjekk heile arkivet til dette kontoret med i ein «ildebrand» i 1798, så det er ikkje mykje vi finn av kjelder til verkshistoria etter den etaten.

Skal vi fastsette ein nøyaktig dato for etableringa av jernverket, kan det kanskje vere 19. november 1660, datoen for det

Privilegiebrevet

danskekongen Fredrik 3. skreiv ut om verket, altså datidas form for statsstøtte eller subsidiar til næringslivet. Det framgår at kongen «etter søknad gav løyve til Joakim Irgens, buande i Amsterdam, og Jørgen Filipssen, buande i Christiania, til å starte opp eit nytt jernverk som er funne i Gudbrandsdalen i Lesja sokn på Lesjaskogen». Irgens og Filipssen var altså slike byborgar med kapital, og at dei alt tidlegare hadde starta opp drifta av verket kjem vi tilbake til.

Brevet er oppsett med 13 punkt, som tek for seg først og fremst dei rettane Irgens og Filipssen fekk som motyting for å starte opp verket. Første punktet gir dei og dei med-interessentane som dei skaffar seg, samt deira arvingar eller etterkomarar, verket til evinneleg bruk og eigedom.

Rettane galdt alle «skogar, elver, fossar, vassfall og ‘strømme’» og skulle gjelde innanfor ein sirkumferens som strekte seg rundt omkring verket. Den omfatta dalen i Lesja sokn på alle fire kantar, og «åtte mil» frå prestegarden på Lesja mot Romsdalen. På denne tida gjekk Lesja sokn frå og med Dombåsgardane og til grensa mot Romsdalen, men her hadde nok ikkje ‘kongen’, det vil seie embetsverket hans, spesielt god kunnskap om terrenget og avstandane. Den gamle norske mila var eigentleg på 11,3 km, så distansen svara til om lag 90 km: Det gjekk dermed eigentleg langt nedover Romsdalen, sjølv om dei rekna etter ein krokete kløvveg.

Det vanlege når slike verk vart oppretta, var elles at dei fekk fire mil i radius frå staden malmen var funnen eller masomnen låg, så det Lesjaverket fekk var nok berre kopiert frå andre verk. Grensa som verksområdet følgde nok det som på den tida vart amts- eller fylkesgrensa; det er ikkje noko som tyder på at verket henta ressursar frå nedanfor grensa.

Cirkumferensen slik privilegiebrevet oppgav.

Innanfor denne sirkumferensen skulle ingen andre ha lov til å drive fram mineral eller bruke ressursar utan løyve frå Irgens og Filipssen. Viss drivverdig malm vart funne i området, skulle Irgens og Filipssen få beskjed og ha rett til å ta funnet i bruk mot godtgjering til finnaren.

Eigarane var forplikta til å transportere, selje og avhende alt jern og anna som blir produsert ved verket. For innsatsen under «den svenske krigen», den såkalla Bjelkefeiden 1658–1660 (vi kjem tilbake til den) fekk dei tiende- og tollfriheit for livstida.

Alle ressursar som høyrde til kongen (staten), dei geistlege eller andre innan sirkumferensen, fekk Irgens og Filipssen rett til å bruke til bygging på verket og drift med kol, setteved og anna. Ingen andre fekk lov til å utnytte tømmerskogen ved hogst eller sagbruk; den skulle berre nyttast til verket.

Alle bergtenestefolk og anna arbeidsfolk som var engasjert på verket var fritekne for militær utskriving, skyssing, skatt, innkvartering og andre pålegg. Einaste unntaket var at bøndene etter norsk lov framleis var pliktige til å vedlikehalde vegar og bruer. Bergoffiserane og bergtenestefolka skulle ikkje stillast for annan domstol enn bergretten, og bøter eller straff skulle berre gå til medeigarane av verket til underhold for bergfolket. Dette var ein vanleg rett bergverka fekk, som altså avgrensa den lokale domstolen, bygdetinget, sterkt.

Bøndene og ålmugen i heile Lesja sokn var pliktige til å utføre nødvendig arbeid for verket mot betaling som dei skulle bli samde med eigarane om. Viss dei ikkje vart samde fordi bøndene kravde høgare betaling, skulle bergamtet etter å ha vurdert kva som var «rimeleg betaling» i regionen fastsette godtgjeringa.

Irgens og Filipssen fekk overta ein liten gard, Doset på ½ hud, som kongen (staten) eigde ved gruvene. Andre garder eller eigedomar i sirkumferensen som verket hadde behov for, kunne dei overta friviljug frå eigarane. Viss dei ikkje vart samde med eigarane, fekk verket likevel rett til å overta bruken av slike gardar mot å betale etter skjønsavgjerd. Eigarane skulle framleis ha rett på avgifter frå eigedomane. Vidare skulle verket få overta desse setrane: Vassendsetre, Odolsetre, Sandgrosetre, Knipsetre, Tandsetre og Dosetre, og dei som nytta desse setrene måtte flytte til andre setreområde med buskapen sin.

Irgens og Filipssen eller deira etterfølgjande deleigarar fekk rett til skyssing «mot rimeleg betaling» for seg sjølve, tenestefolket og godset sitt. Sidan dei alt hadde starta jernverket på eigen kostnad, fekk dei «med vårt nådigaste løyve» drive, forvalte, bygge vidare ut og pantsette verket. Dei kunne selje og som sin eigen eigedom på alle måtar skalte og valte med det.

Alt av proviant og material (utanom silke) som var nødvendig til drift av verket fekk dei føre inn tollfritt; einaste vilkåret var at varene vart omsette «oppriktig» og utan «underslag».

Dersom drifta ved verket med tida vart såpass omfattande at det vil vere behov for ein predikant, da fekk eigarane rett til sjølve å finne ein prest og ikkje få ein tildelt mot deira vilje.

Desse spesifiserte punkta «har vi av gunst og nåde tildelt førnemnte medeigarar. Vi lover hermed for oss og våre etterkomarar kongar av Danmark og Noreg at medeigarane og deira arvingar og etterkomarar å vedlikehalde privilegia og ikkje gje nye pålegg og avgifter» – punktet er supplert med synspunkt på kor viktige bergverka er.

«Under vår hyllest og nåde, gitt på vårt slott København 19. november 1660. Under vårt signet, Fredrik».

Desse vilkåra vart altså gjeldande frå verket var etablert, og dei vart stadfesta («konfirmered») i 1673. Seinare vart dei inntrekte og omformulerte, men det kjem eg tilbake til.

Kjelder

Brevet i trykt form med original bokstavering, i Norske Herredags-Dombøger. Fjerde Række (1652-1664) Andet Bind. Dombok for 1661: https://tinyurl.com/loyvebrev1660

Universitetet i Oslo. Norgeshistorie: https://www.norgeshistorie.no/

Store norske leksikon: https://snl.no/


Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...