onsdag 16. desember 2020

Om den viktigaste energien: trekolet

Dette er manus til ein artikkel i Vigga 10. desember 2020 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa, og her er det plass til litt fleire illustrasjonar..

Lesja jernverk var i drift i om lag 140 år frå sist på 1650-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om verket; det finst ikkje noko bedriftsarkiv. Kunnskapen vi har er i hovudsak frå andre kjelder der verket, gruvene eller tilknytte folk er nemnt. Arnfinn Kjelland samlar stoff og vil framover skrive om ymse frå historia til Lesja jernverk. Det er òg oppretta ei Facebook-gruppe for dei som er interessert og ein blogg der Vigga-artiklane blir lagra i ettertid.

Den viktigaste energien jernverket måtte ha, var trekol. Den var nødvendig til røsting og smelting av malmen i masomnen. I dette stykket skal vi sjå nærare på kva trekol er og korleis det truleg vart produsert i Lesja.

Men verksemda har nok hatt eit litt dårleg «ettermæle» i bygda.

«Lesjaverke va nok ein stygg udaue for skogje i bygden med di, de i fleire mannsaldre gløypte kolved og settved, vidt og breidt saa langt de naadd og ivikom, enno er kanskje ikkje alle saare, som verke slog i skogom, heilt grødde»

skreiv Ivar Kleiven for hundre år sidan om den belastninga verksdrifta hadde hatt på skogen i bygda. Geologen Amund Helland skreiv 1913 : «Skogen [i Lesja] har tidligere været sterkt medtaget vel kulbrænding til Lesjeverket». Og av gamle bilde kan vi sjå at det var lite vegetasjon bortover dalbotnen kring førre hundreårsskiftet.

Minne etter kolframstilling kan vere mykje eldre enn verket. I oversynet over kulturminne hos Riksantikvaren er det registrert 20 «kullfremstillingsanlegg» i Lesja. Dei er av to kategoriar: kolgroper og kolmiler. Kolgropene er dei eldste; dei er frå tida da jernet bygdefolket trong vart produsert av myrmalm i jernvinner. Lesja historielag har bygd opp eit slikt anlegg ved Lorkverna og gjennomfører både kolbrenning og jernutvinning år om anna. Poenget her er at kolgroper frå slik verksemd er det Riksantikvaren kallar førreformatoriske kulturminne, det vil seie frå jernalder eller mellomalder, og dei er automatisk freda etter kulturminnelova. Sju av dei anlegga Riksantikvaren har registrert er av denne kategorien, to i Bjorlie-området, to ovanfor Ulateig-Kårbø og tre på Dalsida.

Resten er altså nyare kolmilene frå jernverkstida, 16- og 1700-talet. Dei er dermed ikkje freda etter kulturminnelova. Men dei er jo i høgste grad viktige kulturminne, så vi får håpe dei får ligge i fred. Dei 13 stk. som er registrerte er sjølvsagt eit absolutt minimum, og ved hjelp av nyare teknologi er det som vi skal sjå kartfesta mange fleire. Det er desse som er hovudtema for dette stykket.

Skjermbilde frå https://hoydedata.no/LaserInnsyn/ kring Skåppårtjønne sør for Verket, der det må ha vore stor tjærebrenningsaktivitet. Minst 16 tydelege miletufter går fram av skanninga. Nr. 1 er mila ved den gamle kongevegen, som Lesja historielag har merka med skilt:

Men kva er trekol? Ein presis definisjon er at trekolet er restar av trevirke som er forbrent eller forkola under kontrollerte forhold med eller utan tilgang på luft. Forbrenning utan tilgang på luft blir gjort i omnar eller såkalla retortar som altså er heilt lufttette, og er ein nyare form for trekolproduksjon. I den prosessen vi skal sjå på her, brenning av trekol i mile, skjer forbrenninga eller forkolinga ved at det slepp til luft, men tilgangen er kontrollert og vi skal sjå nærare på korleis det har vore gjort.

Trekol består av mellom 75 og 95 prosent kolstoff, karbon. Resten er i hovudsak oksygen (luft) og vatn, med litt hydrogen og oske. Trekolet er blåsvart og har tydeleg vedstruktur. Trevirket, veden, som er utgangspunktet for å lage trekol, består i all hovudsak av tre grunnstoff: om lag halvparten er karbon, ca. 44 prosent er oksygen og resten er hydrogen, nitrogen og oske. Prosessen for å få fram trekol av trevirke blir så å fjerne mest muleg av anna enn karbon, og det har vore gjort i miler.

Det var med den nyare bergverkstida på 1600-talet at kolbrenninga med miler kom i gang her til lands. Metodane kom nok med tyske bergfolk, som lærte opp lokalbefolkninga i dei ymse arbeidsoperasjonane. Vi veit dessverre ikkje noko i detalj om korleis dette gjekk føre seg i Lesja, men vi veit at arbeidet starta raskt. Alt sommaren 1661, året etter verket var etablert, var kolbrenninga i gang. Da var det Joacim Irgens som dreiv arbeidet, og han hadde sine erfaringar frå drifta av Rørosverket, så det er all grunn til å tru at brenninga her gjekk etter meir eller mindre same prinsipp som på Røros. Det etterfølgjande bygger derfor i stor grad på kunnskap om kolbrenninga der og på Rødsmoen i Østerdalen på 1990-talet.

Trekolet vart laga i to forskjellige miletypar: liggemiler og reismiler. På Røros vart det stort sett reismile-prinsippet som vart brukt, og som vi skal sjå tyder nyare teknologi på at det var slik her òg. Dessutan gav reismiler betydeleg større kolmengd.

Sjølve prosessen var altså fagarbeid, og i starten var det truleg innflyttarar som kom med spesialkunnskap. Vi veit dessverre lite om kven desse første var, men alt sommaren 1661, eit halvt år etter verket fekk kongeleg løyve (privilegia) var trekolbrenninga i området i full gang. Men før vi ser nærare på det vi direkte veit om slik verksemd på Lesjaskogen, skal vi sjå nærare på den prosessen kolbrennarane og bygdefolket følgde.

Det første som måtte gjerast var å hogge kolveden, og det var arbeid for bygdefolket. Det måtte vere ferdig før slåttonna starta, elles ville veden ikkje tørke skikkeleg. På Røros vart det i stor grad bruk furu, og den måtte slindebarkast for å få god nok tørk. Det same galdt nok lauvtrea. Stokkane vart så kappa i 3 meters lengd og lagt i reis, som var knapt 2 meter i krysset. På Røros kalla dei det eit høggarlass, og hoggarane hadde det travelt; dei måtte minst klare 10 slike lass per dag.

Men utanom hogginga måtte det ein fagperson til for arbeidet med sjølve mila, «kølabrennaren». Han fann først ein eigna plass til mila. Her var det viktig at det var lunt for å unngå at sterk vind skulle øydelegge brenninga. Mila måtte stå så flatt som muleg, og det måtte vere nok plass til lunning av veden og ei koie. Milebotnen vart planert og truleg dekt med tynne strangar eller halvkløyvde litt større stokkar og eit ‘golv’ eller ei rist med kvist. Det skulle hindre at mileveden trekte til seg vatn frå bakken, og hjelpe til med å styre lufttilgangen.

I Verkskyrkja ser vi plasseringa til arbeidsfolket. «Kølabrennarane» («Koulbrender») hadde den femte kyrkjebenken. Foto: Arnfinn Kjelland.

Botnen måtte vere klar før kolbrennaren reiste «hjartstokken» dei kalla på Røros, ein stolpe på om lag 3 meter, støtta av tre mindre stolpar. Opp frå stokken reiste dei ei 3–4 meter høg siktestong; ho var viktig for at veden vart reist beint. Øvst på senterstokken vart det festa ein likesida trekant av plank eller greiner, og mot sidene på den vart veden reist nokså rett opp. På det viset vart det ein kanal for lufting frå botnen til toppen av mila. Tynnare stokkar vart reist inst, for dei tok lettast fyr. Dei tjukkaste stokkane skulle stå i midten, før ein fylte opp mila med tynnare ved att ytst. Da vart det lettare å dekkje til.

Tildekkinga av mila vart gjort med barkvist og såkalla stubb, som var ei blanding av torv og jord dei grov opp rundt mila. Ho måtte i prinsippet vere tilnærma lufttett. Veden måtte stå så tett som muleg i mila. Vart avstanden mellom strangane for stor, vart varmeleiinga dårlegare og forkolingsprosessen kunne stoppe opp. Derfor var det til dømes ikkje heldig å bruke for krokete ved. Stubben vart støtta opp med plank på ein stokk, såkalla ‘stubbhyller’.

Tildekkinga skulle vere ca. 30 cm ved botnen, med avtakande tjukn til ca. 15 cm oppå mila. Mangla dei bar, kunne dei nytte mose, og det var kanskje like vanleg her i Lesja. Det vart brukt 30–40 m3 dekkmasse for ei mile, og den tok dei frå groper rundt mila. Desse gropene, meir eller mindre samanhengande, ser vi gjerne rundt kolbotnar i Lesja framleis. Men det er sjølvsagt usikkert om milene her i bygda vart bygd akkurat slik.

Skisse av vanleg kolmiletype. 1: «hjartstokken» eller senterstokken som mila er bygd omkring. 2: festet for senterstokken og botnen av luftekanalen, dit glørne vart raka under opptenninga. 3: Plank sett opp for å støtte stubben, ‘stubbhylle’. 4: Veden som skulle bli kol. 5: stubben som dekte mila. 6: rista under veden, for å sikre passande lufttilgang. Eiga skisse.

Så skulle mila tennast. I Rørosområdet starta det på ein fast dato, 20. oktober. Dette måtte gjerast korrekt, gjerne med spesielle ritual, for mykje stod på spel. Mislykka brenning kunne vere økonomisk ruin. Johan Falkberget skildrar i Nattens brød korleis Kiempen velsigna tenninga av mila:

Brinn ti regn og tørke

og måneskinn og mørke;

nitjen daga uta stans.

Skytt ho, hellige Sankt-Franz!

Nokon slik dato eller ritual er dessverre ikkje kjent frå Lesja, men tenninga var nok om lag på same tida. Rundt på tildekkinga av mila var det før tenninga opna fleire hol for å regulere passeleg med luft. Så tente dei opp eit bål på toppen og raka glohaugen ned gjennom tennkanalen midt i mila. Tørr ved vart sendt etter nedover, før opninga vart tetta med masse. Holet vart opna og etterfylt med ved 2–3 gonger, og etter 6–8 timar vart det opna hol for røyken langs brøstet for luftsirkulasjon, vassdamp og gass.

Ved milene vart det elles bygd koier som kolbrennaren og medhjelparen hans hadde å bu i; som vi kan sjå av Falkberget tok jo prosessen nærare to veker. I Lesja har historielaget bygd opp att ei slik koie ved ein mileplass i søre enden av verksområdet. Med koia som utgangspunkt måtte prosessen passast nøye på. Dei første dagane måtte dei ut for å sjå til mila kvar halvtime døgnet rundt. Særleg andre og tredje døgnet kunne mila «slå». Det var brennbar gass som, før sjølve mila var varm nok, kunne eksplodere og kaste av delar av stubblaget. Da måtte karane arbeide fort for å hindre at heile mila tok fyr.


Ei nokså klassisk kolmile, og vi kan sjå at brenninga var godt i gang, for det sig røyk ut av stubben. Vi ser òg korleis stubbehyllene var monterte. Foto: Agnar Johannes Barth, Digitalt museum.

Noko av veden i mila måtte sjølvsagt brenne opp for å gje nok varme til forkolingsprosessen. Det førte til at det oppstod holrom i mila, og viss dei fekk utvikle seg var det farleg. Karane måtte passe på, kanskje klubbe att slike hol (kalla «fyll») eller opne dekket og fylle på meir ved og dekke til att. Og risikofritt var sjølvsagt ikkje slikt arbeid; i Vestmarka utanfor Oslo omkom to husmenn i 1828. I kyrkjeboka er dødsårsaka lakonisk: «Opbrænt i en mile».

Klarte dei å halde kontroll dei første dagane, kom forbrenninga vanlegvis inn i ein rolegare fase. Etter kvart som veden var omdanna til kol, sokk mila saman. Ei mile på 150 m3 skulle brenne minst to veker, helst tre. Når ein var ferdig, vart alle hola i stubben tetta for å få stoppa brenninga før ein kunne opne og ta ut kolet. Det tok tid, men ein kunne starte medan kolet var nokså varmt. Da måtte ein ha vatn eller snø tilgjengeleg for å hindre at varmen skulle blusse opp. Mila måtte tømmast fullstendig, alt kolet skulle takast vare på.

Her er rivinga av ei kolmile i gang, truleg etter krigen. Foto Tore Fossum, Digitalt museum.

Som vi kan forstå var dette ein krevjande prosess, som altså sannsynlegvis kom til Lesjaverket med fagfolk utanfrå. Dessverre kjenner vi berre ein ved namn: Per Østensson. Under den synfaringa av verket som gjekk føre seg på ettersommaren 1673 (eg kjem tilbake til den ved eit seinare høve) forklarte han seg om status for kol-situasjonen. Han hadde nok familie, men vi kjenner ikkje om han fekk etterslekt i Lesja; truleg reiste han vidare.

Vi kjenner altså ikkje særleg mange detaljar om trekolproduksjonen her i bygda, men bygdeboka nemner ein nokre personar som hadde vore engasjert i den. Til dømes hadde Ola Endresson på nørdre garden i Bjorlie gjeld da han døydde i 1694, og sønene baud seg til å gjere kolarbeid for å dekkje ho. Og i 1763 fekk husmannen i Øygarden under Einbu festesetel, der det går fram at dei ikkje fekk ta noko anna av trevirke enn hustømmer, ved og gjerdevirke, bortsett frå til «kull-Drift, hvilket ham som andre husmænd ikke kand nægtes». Det er fleire dødsbuskifte som har opplysningar om reiskap til kolbrenning; på Midti Lyftingmo vart det til dømes i 1751 skrive opp ei kolmile som inneheld 16 lestar eller 278 hl kol verdsett til 8 daler. Det svara til verdet av minst to kyr.

Men det vi altså kan vere nokså sikre på, er at det nok gjekk rimeleg hardt ut over skogen medan verket var i drift. Og heilt slutt var det nok ikkje; trekol var det jo bruk for, særleg til smiarbeid. Ola Skotte skreiv til dømes i Årsskrift for Lesja historielag 1984 om at det på Lesjaskog vart brent smikol i samband med Raumabaneutbygginga. Odd Reidar Hole skreiv i 2006 om det som kanskje var den siste store trekolproduksjonen i Lesja, Lora Tjære a.s, etablert i 1942, der trekol var eit ettertrakta biprodukt etter tjærebrenninga.

Nes jernverk i Holt (nå Tvedestrand) produserte jern basert på trekol heilt til 1907. Sjå òg om trekolbrenning så seint som på 1950-talet i Vigga 8. oktober.

Eg kjem ved eit seinare høve til å gjere nærare greie for detaljane vi kjenner om trekolproduksjonen i Lesja: mengd, prisar osv.

Kjelder

Kjelland, Arnfinn 1987 og 1992: Bygdebok for Lesja bind 1 og 2. Lesja kommune.

Berg, Per S. 1968: Lesja Jernverks Historie 1660–1730. Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo, trykt i Årsskrift for Lesja historielag 1983–86.

Kleiven, Ivar: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre. Utg. Aschehoug. 1923.

Larsen, Jan Martin 1993: «Den var kølatrafikken som heldt liv i døm». Årbok for Norsk skogbruksmuseum : skogbruk, jakt og fiske. 1993/1996 Nr. 14.

Narmo, Lars Erik 1993: Frå «kola men» til kullbrenner. Årbok for Norsk skogbruksmuseum : skogbruk, jakt og fiske. 1993/1996 Nr. 14.

Ryen, Asbjørn 1997: Kolbrenning – transport – bosetting. I Espelund, Arne (red.) 1998: Kobber i Det Nordenfjeldske Bergamt.


Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...