onsdag 10. februar 2021

Om dei første verkseigarane: Jørgen Filipssen

Dette er manus til ein artikkel i Vigga 28. januar 2021 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa.

Lesja jernverk var i drift i om lag 140 år frå sist på 1650-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om verket; det finst ikkje noko bedriftsarkiv. Kunnskapen vi har er i hovudsak frå andre kjelder der verket, gruvene eller tilknytte folk er nemnt. Arnfinn Kjelland samlar stoff og vil framover skrive om ymse frå historia til Lesja jernverk. Det er òg oppretta ei Facebook-gruppe for dei som er interessert og ein blogg der Vigga-artiklane blir lagra i ettertid.

Som vi såg av første artikkel (Vigga nr. 20, 2020) var det altså Jørgen Filipssen og Joakim Irgens som i 1660 fekk løyve av kongen, Fredrik 3., til å starte opp eit jernverk på Lesjaskogen. Men han var ein aktør på mange felt  over store delar av Austlandet. I dette stykket gir eg eit førebels oversyn over det som er nærast kopla til Lesja og verket.

Filipssens signatur, henta frå eit brev til kongen i København 28. august 1660 om jernverket: «Jørgen Phillip Eghd» der dei siste bokstavane nok står for at han signerte sjølv (med egen hånd).

Det var altså Jørgen Filipssen som var den sentrale av dei to stiftarane av verket. Han var medeigar frå stiftinga i 1660 til Irgens gjekk ut i 1674. Deretter var han eineeigar i tre år til han i 1677 selde heile verket til ein kjøpmann frå Nederland, Peter von Schellebeck. Schellebeck bygde opp verket, men hamna i botnlaus gjeld til Filipssen som fekk han sett i gjeldsfengsel.  Filipssen tok att verket og dreiv det til 1687. Eg kjem tilbake til Schellebeck ved eit seinare høve.

Men kven var Filipssen? Det er framleis ukjent, sjølv om fleire kompetente slektsgranskarar har prøvd. Halvdan Koht skreiv om han iNorsk biografisk leksikon i 1952: «Det har vært antatt som sannsynlig at han var en av de danske skriverne som kom til Norge omkr. 1650, men dette er bare løs gisning». Han fekk ikkje eigne etterkomarar, men gifta seg i alle fall i Christiania i 1656 med Anna Bentsdtr. Opphavet hennar er òg ukjent, men ho var enkje etter tidlegare fut i Land og Valdres og rådmann i Christiania Jacob Eggertsen Stockfleth, og hadde fem barn med han. Med Anna fekk Filipssen truleg tilgang til betydelege økonomiske midlar som han nok forvalta godt, som vi skal sjå. Nyare slektsgransking har elles påvist at i Stryn hadde Filipssen ein bror som har etterslekt til i dag.

Filipssen var fødd kring 1620 truleg i Danmark og døydde på Bragernes i 1696. Han gjorde det godt; han var mellom dei aller rikaste i landet mot slutten av livet. Det var neppe jernverket som var viktigaste grunnen til det, men verksemda hans i Nord-Gudbrandsdalen kan nok ha vore til hjelp.

Førebels er det første sporet etter Filipssen i norsk primærkjeldemateriale at han som fut skreiv under rekneskapen for Gudbrandsdalen futedømme for rekneskapsåret 1653–54. Det var ei viktig kongeleg embetsstilling på den tida, med ansvar for all innkrevjing av skatt, politimynde med bygdelensmannen som underordna, påtalemynde og til og med ei viss domsmynde i straffesaker. Vidare hadde futen tilsyn med, og deltaking i, skyldsettingsforretningar, prisar, mål og vekt, sesjonar og utskriving av soldatar. Det er ikkje for ingenting at futen er ein lite populær figur i norske folkeeventyr og tradisjon. Filipssen var som vi seinare skal sjå heller ikkje det, sjølv om han gjekk av alt i 1659 da ein svoger av han, Jens Madssen, tok over stillinga.

Dette var dei åra malmen på Lesjaskogen vart funne og konflikten om rettane til å etablere jernverket utvikla seg. Ein del av den galdt elles nettopp at Filipssen og Madssen som futar begge skulle ha underslått betydelege økonomiske summar frå bøndene i dalen. Den kjem eg altså tilbake til ved eit seinare høve.

Filipssen budde nok neppe i Lesja nokon gong, knapt nok i Gudbrandsdalen. Steig i Fron hadde vore avsett som gard for futen, men det er lite truleg at Filipssen var der anna enn på embetsreiser i dalen. Han var etablert i Christiania alt på midten av 1650-åra, da han kjøpte ein stor bygard i det som etter kvart vart Kongensgate 1 og seinare Vaisenhuset.

Bustaden til Filipssen i Christiania, Kongens gate 1. Foto: Anne-Sophie Ofrim

Dette var òg ei særs uroleg tid i heile Norden. Sverige var i ferd med å bli ei nordeuropeisk stormakt etter trettiårskrigen, og Danmark-Noreg mista store landområde. Krigane som gjekk føre seg frå 1655 til 1661 har namn etter svenskekongen Karl-Gustav, og Danmark-Noreg var motstandar i to rundar, Krabbekrigen 1657–58 og Bjelkefeiden 1658–60. Den første var den mest dramatiske for Noreg; ved fredsavtala i Roskilde overtok Sverige Båhuslen og heile Trondhjems len som Romsdalen var ein del av. Ved starten på krigen utnemnde statthaldaren Filipssen som ammunisjonsskrivar, ei stilling som nok kravde tilhald i Christiania.

Freden i 1658 førte med seg ei oppgåve Filipssen som fut vart involvert i: grenseoppgangen mellom Romsdal og det sørlege Noreg. Det var jo vestgrensa for Lesja, som altså vart riksgrense i 1658. Ein kommisjon vart oppnemnt for å fastslå grensa, og Filipssen skulle som fut hjelpe desse karane. Arbeidet drog i langdrag, så Filipssen vart verande fleire veker på Lesjaskogen, og det var nok da han fekk greie på malmfunna. Det kjem eg altså tilbake til.

Alt i juli 1658 braut det ut krig att; svenskekongen ville nå legge under seg heile Danmark-Noreg. Danmark forsvarte seg intenst og berga København med hjelp frå Nederlanda; i Noreg retta svenskane harde, men mislykka angrep mot Halden.

Mange meiner at avståinga av Trondhjems len til Sverige i 1658 ‘trigga’ ein sterkare nasjonalkjensle over store delar av Noreg. Svenskane vart raskt upopulære i Trøndelag; dei skreiv ut mange soldatar i regiment som vart sendt austover, og i Sør-Noreg vart det mobilisert for å ta att landsdelen. Frå Vestlandet vart det sendt soldatar sjøvegen, og frå Sør-Noreg sette Oplandske infanteriregiment tidleg hausten 1658 i marsj oppover Østerdalen og Gudbrandsdalen.

I dette regimentet var det eit eige kompani med ordinære soldatar frå norddalen, men det som nok er best kjent mellom anna etter Ivar Kleiven er mobiliseringa av friviljuge ‘bondesoldatar’. Over 500 mann under leiing nettopp av futen Jørgen Filipssen og ‘bondekapteinane’ Hans Pålsson Taulstad frå Vågå og Kristen Nilsson Bø frå Gausdal, sette i marsj nordover Dovrefjellet mot Trondheim. Der var dei med på å kringsette byen til svenskane måtte gje opp og Trøndelag med Nordmøre og Romsdalen kom tilbake til Noreg ved freden i København i 1660. Og Jørgen Filipssen fekk betalt for innsatsen i felttoget: privilegium, fritak for tiende, toll og andre avgifter for jernverket på Lesjaskogen.

Hausten 1660 vart ei dramatisk tid for dobbeltmonarkiet Danmark-Noreg. Staten var styrt i fellesskap av kongen og den høgaste adelen, som i praksis var dansk. Denne adelen var frå gamalt friteken for å betale skatt, fordi det var dei som var militærmakta til staten. Nå var staten i realiteten bankerott, det måtte krevjast inn meir skatt, men adelen nekta framleis. Dei som betalte var sjølvsagt bøndene, men i tillegg var dei det nye borgarskapet (sjå Vigga nr. 20 i fjor), ei viktig finansstøtte for staten, det vil seie kongen. Utover hausten akselererte krisa og kulminerte med at adelen gav frå seg styringsretten; kongen vart eineveldig, det som skjedde har vore kalla eit ublodig statskupp.

Jørgen Filipssen var sannsynlegvis ein av dei borgarane som både betalte skatt og lånte pengar til staten, altså kongen, på denne tida. I alle fall fekk han oppgjer på ein måte ein merka i Lesja og mange andre stader på Austlandet: han fekk pant i mange heile gardar og gardpartar rekna etter skyld. Det galdt alle gardane på Lesjaskogen bortsett frå ein del av Bjølverud, og mange gardar vidare sørover hovudsoknet og på Dovre (sjå bygdebøkene). Det galt òg mykje jordeigedom nedover Gudbrandsdalen og utover heile Austlandet: på Fåberg, Toten, Land, Ringerike, Modum og Hadeland. Kongen (staten) løyste ikkje inn panta, og Filipssen fekk da store inntekter av jordleige og etter kvart sal av jordeigedomen til brukarane.

I tillegg dreiv Filipssen betydeleg anna forretningsdrift over store delar av Austlandet, særleg tømmer- og sagbruksdrift, noko som òg gav store inntekter gjennom eksport av trelast.

Men ikkje nok med det. I 1669 vart han av kongen utnemnt som viselagmann, altså meddommar i lagtinget på Opplanda, domstolen på nivå over bygdetinget, og i 1674 overtok han som lagmann. I 1684 vart han assistensråd ved øvste rettsinstans i Noreg, Overhoffretten. Tittelen medførte at Filipssen var ein del av den nye rangadelen som kom med eineveldet. Og han var med i ei lang rad kommisjonar som behandla i hovudsak større økonomiske saker.

Alt dette, som nemnt truleg saman med formuen kona Anne Bentsdtr. hadde med seg i ekteskapet, gjorde Filipssen til ein grunnrik mann. Ved ein landsomfattande ekstraskatt utskriven i 1676 vart skattytarane delte i klassar, og Filipssen var plassert i øvste klasse som den einaste frå Christiania. Han og kona fekk som nemnt ikkje barn saman, så arven gjekk til hennar arvingar. Men i det testamentet dei oppretta i 1685 vart og ein betydeleg sum rekna i jordeigedom avsett til «Den lærde skole» i Christiania og den gamle institusjonen Oslo Hospital. Det er grunnen til at det var dei som selde mange av gardane i Lesja til brukarane utover 1700-talet.

Kjelder og littertaur

Koht, Halvdan 1952: Philipssøn, Jørgen, i Norsk Biografisk Leksikon.

Sprauten, Knut 1992: Oslo bys historie bind 2. Byen ved festningen. Fra 1536 til 1814. Cappelen.

Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...