onsdag 2. juni 2021

Om det første samla oversynet over verksområdet

Dette er manus til ein artikkel i Vigga 14. mai 2021 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa. Ingressen er teke ut.

I ein tidlegare artikkel (Vigga 17. september 2020) gjorde eg greie for framveksten av busetnaden kring verket, altså perioden frå etableringa og framover til kring 1700. Det var i all hovudsak bygd på kjelder innsamla og behandla i bygdeboka. Men da bygdeboka var skrive, trudde eg, og dei som hadde arbeidd med stoffet før, at ei sentral kjelde til busetnad i Noreg frå året 1762 var gått tapt.

Det var den såkalla ekstraskatten. Den var innkravd for heile landet, men for Gudbrandsdalen var ingen av prestegjeldslistene blitt teke vare på, før lista for Lesja dukka opp att i samband med ordning av futearkiva på Riksarkivet på 1990-talet.

Men først nokre ord om skatten. Heilt attende til Den store nordiske krigen (1709–20) hadde Danmark-Noreg drege med seg stor statsgjeld. Så braut Sjuårskrigen ut i Tyskland i 1756, og sjølv om vi ikkje vart direkte involvert, fant den eineveldige statsmakta ut at det måtte sendast ein stormilitærstyrke til Holstein for å vakte sørgrensa for riket. Nærare 25.000 mann, der minst det halve var norske bondesoldatar, vart sendt. Dei kosta mest like mykje som om vi hadde vore med i sjølve krigen. Ein god del lesjingar og dovringar var nok med som soldatar.

Holstein-kostnadene førte til at det i september 1762 vart bestemt at det skulle krevjast inn ein ny, tung skatt. Kvar person over 12 år, utan omsyn til økonomisk evne, skulle betale 8 skilling månaden eller 1 daler i året i ekstraskatt. På bygdene skulle skatten krevjast inn kvar tredje månad. Husbonden skulle stå ansvarleg for kvar husstand, og soknet for dei som var så fattige at dei ikkje klarte å betale.

Inntil nå hadde bøndene vanlegvis betalt 5–10 dalar i årleg skatt. Med hushald på 6–8 personar, og kanskje 3–6 var over 12 år og skulle betale 1 dalar kvar i året, ser vi skatten samla sett auka med 50 %. Det førte til betydeleg uro rundt om i landet, der den såkalla Strilekrigen i Bergen er best kjent. Strilane var folket i omlandet til Bergen som i stor grad levde av å selje varene sine i byen. 2000 strilar marsjerte i april 1765 inn i byen, trengde seg inn i den herskaplege bustaden til stiftamtmannen, gjekk fysisk laus på han, reiv av han hatten og parykken, flerra skjorta og riddarbandet av han og jaga han rundt på eigedomen. Samstundes fekk dei òg fatt i futen, og dei to vart skubba og dregne gjennom bygatene.

Dette var nok det mest dramatiske utslaget av folkelege motstand mot skattlegging frå København i heile einevaldstida. Det var óg einaste gongen statsmakta sendte orlogsskip og danske verva soldatar til Noreg for å sikre «ro og orden». Det kom òg til uro andre stader i landet, m.a. i Romsdalen, Sogn og Stavanger og her i Gudbrandsdalen. I Øyer var det tilløp til dramatikk på tingsamlinga 20. februar 1765. Da stilte kaptein Darre opp 40 dragonar med dregne kårdar mot bøndene, før han las ordren frå amtmannen om å arrestere «oppviglaren» Per Pålsson Solbrå. Sjå nærare om desse hendingane i Årbok for Gudbrandsdalen 2003.

Skattesystemet hadde på denne tida lenge vore slik at hovudskattane hadde vore utlikna på skylda, som godt kan samanliknast med dagens eigedomstakst, på kvar gard. Desse var det råd å halde oversyn over. Men denne nye «koppskatten» (etter tysk kopf, hovud, dvs. person) kravde eit meir omfattande registreringssystem. Det var naudsynt å vete kor mange personar det var over 12 år i kvar husstand, og dette endra seg jo stadig – både gamle og unge døydde, tenestefolk flytta, barn voks opp, soldatar skulle betale halv skatt osv.

Løysinga vart at soknepresten skulle sette opp ei hovudmanntalsliste over alle personar over 12 år i alle husstandar i prestegjeldet. For kvar månad skulle han så føre av- og tilgangslister der endringar for dei einskilde husstandane i prestegjeldet gjekk fram. Sjølve innkrevjinga av skatten var det som vanleg futen som hadde ansvaret for.

Hovudmanntalslistene etter ekstraskatten har vore rekna som ei særs viktig lokalhistorisk kjelde. Dei fungerer tilnærma som ei folketeljing, sjølv om barn under 12 år ikkje var med. Desse hovudlistene manglar altså for Gudbrandsdalen; i Riksarkivet ligg berre summariske saman­drag og av- og tilgangslistene for kvart sokn. Men eit dokument som galdt første inn­betalinga, siste kvartal i 1762 for Lesja prestegjeld, er det truleg av futen påført: «Soknepr. Hans Smidt har levert mig et annet og noget Rigtigere … Manntal». Og ganske riktig, saman med av- og tilgangslistene for første kvartal 1763 ligg eit fullstendig manntal over Lesja, datert 17. februar 1763. Det har 2352 personar lista opp med for- og fars­namn, hushald osv.


Framsida på Smidts manntal 1763.

Første oppslaget i manntalet, Stuguflotten og Rånå.

I denne samanhengen er det sjølvsagt manntalet over dei bruka som låg direkte under verket som er interessant. På denne tida var det ei aktiv drift under leiing av Pål Irgens, noko eg kjem tilbake til ved eit seinare høve.

I manntalet finn vi at det kring årsskiftet 1762–63 i verksområdet var til saman  105 menneske over 12 år, 19 busette verksplassar med eigne namn utanom verksgarden og 23 «brukarpar», dvs. vaksne, gifte par.

Namngjeven plass 1763

Hankjønn

Hokjønn

Brukarar

Verket

8

7

1

Doset

5

6

3

Knipa

2

3

1

Lykkjom

3

3

1

Gravset

5

1

1

Sandgro

4

3

1

Nord-Slette

3

1

1

Sør-Slette

2

1

1

Bryggja

1

2

1

«Stigers Pladsen»

2

2

1

«Nye Rydningen»

1

2

1

«Tile Pladsen»

1

2

1

Knipstugu

3

2

1

«Casper Pladsen»

2

2

1

«Hammer Smeds Pladsen»

2

4

1

Torsplassen

1

1

1

«Masemester Pladsen»

2

1

1

Fransplassen

2

2

2

Morke

4

3

2

Sandom

2

2

1

Sum:

55

50

24

Vi ser av tabellen at fleire av plassane hadde meir enn eitt brukarpar. Gjennom bygdeboka kan vi sjå at Doset og Morke truleg var delt på denne tida (Nørdre og Søre), men det er ikkje registrert at Fransplassen har hatt to bruk. Men det er da heller ikkje sikkert at ein plass var delt permanent sjølv om det var to brukarpar her nokre år. Trass alt var det nok på verket at folket fann hovudlevebrødet her i området.


Oppsettet med bruka under jernverket.

Dei plassnamna som er sett i gåseauge, er slike som ikkje var kjent da bygdeboka vart skrive, og dermed ikkje er nemnt i bind 1, medan dei andre bruksnamna er normaliserte slik dei står i bygde­boka. Lista for verksområdet er ikkje kolonnedelt på same måte som hovudlista. Under kvar plass er det berre lista opp namna på dei over 12 år som budde der. Men etter som hovudpersonane oftast er gifte med kvarandre, og barn under 12 år er med, er det stort sett råd å identifisere dei og kople dei til familie­informa­sjonen i bygdeboka.

Korleis stemmer så informasjonen i manntalet med bygdeboka? Ut frå rekkjefølgja plassane er førte i manntalet, kan vi truleg rekne med dei er registrerte slik: opp­skrivaren starta i Doset, der det altså ser ut til å ha vore 3 brukarfamiliar. Doset ligg oppe i lia eit stykke høgare enn Verket. Så gjekk han nord­over i same høgda (der det truleg gjekk ein gamal rideveg) og kom til tunet på Knipa, som den gong låg nokre hundre meter høgare den gongen enn i dag. Vidare nordover oppe i lia kom han til Lykkjom, Gravset og Sandgro, før han svinga ned til Sør- og Nord-Slette og Bryggja, som var den nørdste plassen i sjølve verks­området.

Så, før Knipstugu, er det ført tre «ukjente» plassar i manntalet. Familien på «Stigers Pladsen» er òg funne i bygdeboka, men da plassert i «sekkeposten» Verksfolk, sist i bind 1. På «Nye Rydningen» budde det i 1762–63 eit par som nokre år seinare er i Knipstugu. Det er ikkje råd å knyte nokon av desse til plassar som er kjent i nyare tid.

Men den tredje, «Tile Pladsen», har eg kanskje identifisert. I den ruta registratoren truleg gjekk, manglar eit bruk i lia nedafor Lykkjom, Plassen (gardsnr. 29). Etter bygdeboka var Plassen folkesett seinast midt på 1740-talet, men det manglar folk der mellom ca. 1751 og ca. 1768.

Tile-namnet er kjent gjennom ein familie av verksfolk, Tile Hansson gift med Marit Hansdtr. med i alle fall 4 barn født i 1720- og 30-åra. I bygdeboka (side 629) er denne familien ført på «Kornplassen», som eg ikkje visste kvar låg. Den familien som står på Tileplassen i manntalet, kom til Sør-Morke sist i 1760-åra. Når dei er ført her i 1762–63, og andre folk budde i Morke og det «mangla» folk på Plassen, er det ikkje urimeleg å rekne med at Tile og familien budde der nokre tiår tidlegare og namnet hang att.

Ut frå denne rekkjefølgja kan vi da kanskje tru at Stigersplassen og Nyrydningen må ha lege ein stad mellom Slette-gardane og Plassen, men det er det i dag ikkje råd å veta meir om.

Vidare forbi Knipstugu kjem vi til «Casper Pladsen» og «Hammer Smeds Pladsen». Dei familiane som står på desse plassane i manntalet er enklare: dei er i bygdeboka utan atterhald knytt til Nørdre og Søre Myre, to bruk i det som nå er Lesjaverk sentrum. På Kasparplassen eller Nørdre Myre, budde Petter Kasparsson med familie frå sist i 1720-åra. Foreldra hans budde nok her før, men i bygdeboka er dei òg plasserte under Verksfolk. Nørdre Myre er elles heilt borte; gards­tunet låg like vest for der Lesjaverk stasjon no ligg.

På Håmårsmedsplassen eller Søre Myre, budde i 1763 andre generasjon av den store Fallei-familien. Dei første, Maria og Anders, var innflyttarar frå Odalen, og ved verket var han hammarsmed, så namnet på plassen gav seg sjølv.

Den siste plassen med ukjent namn er «Masemester Pladsen». Den er nemnt mellom Torsplassen og Fransplassen. Familien i manntalet finn vi att på Endresplassen i bygdeboka og første generasjon der var masmeister Endre Andersson. Det kan neppe vere tvil om at den garden som i dag heiter Endresplassen vart kalla Masmeisterplassen i 1760-åra.

Kjelder og litteratur

Lenke til start på originallista: https://www.digitalarkivet.no/rk10051110140287

Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja. Bind 1 Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Lesja kommune.

Kjelland, Arnfinn 2003: «et Slagtoffer for Extraskattens ydelse». Litt om ekstraskatten 1762 i Gudbrandsdalen og ei ny kjelde, hovudskattemanntalet for Lesja prestegjeld. Årbok for Gudbrandsdalen 2003 s. 169–179.

Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...