Det er ei stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om omfanget av sagskurd frå saga på Stuguflotten i 1726.
Informasjonen finst i "arkiv RA/EA-4607 Sag- og skogkommisjoner 1725–1739, serie D – Innkomne brev, eske 7, mappe 1: Beretninger fra prester, fogder og sorenskrivere i Akershus amt om uprivilegerte sager og om skoger, litra T, nr. 1: Gudbrandsdal fogderi" der eg fekk tilsendt skann av
Designation
Over de udi
Guldbrandsdalens
Fogderie
Befindende u-Privilegerede Sauge
med Forklaring om Skovenes tilstand
og Videre efter høye Ordre af dato 22 Dec.
Anno 1725
Denne 'designasjonen' (opplistinga) har info om sagene i heile dalen, og under Lesja sokn side 7 finn vi som den første saga dette:
Stueflottens Saug Staaende paa Osloes Hos
pitals Grund, opbeugt for 4 Aar siden af
Monsr Reinholt Ziegler Proprietair paa det
Læssøiske Jernwerk og bruges til werkets
fornødenhed er aargiengs og kunde skiæres
16 a 20000 bord som kunde nedkiøres til
Søen i Romsdalen om nogen dertil erholdet
Privilegium, og det Læssøiske Jernverk udi hvis
Circumference tømmeret måtte tages icke
derved skulle lide Mangel af Skov, haver
heel Damstock paa Hospitalets Grund.
Opplistinga er altså gjort etter 'ordre' frå 22. desember 1725, og lista er datert 17. mars 1726.
Omgrepet bord gjeld truleg det som i trelastnæringa er kalla normalbord, altså med ein fast dimensjon av 10‐12 fot lengd, 7‐9 tumar breidd og 1 1/4 tomme tjukt.
Stenersen var fut i Gudbrandsdalen frå 1718 og har med i alt 60 nummererte sager og nokre nedlagte i lista. Men dei andre er oppgjeve med mellom 20 og 100 bord kvar, medan Stuguflottsaga altså er ført opp med mellom 16- og 20.000 bord!
Det var slik at saga var oppført fire år før, altså i 1722. Men formuleringa at det kunne skjærast så mykje skurd her og frakte det ned til 'sjøen', det vil nok seie Romsdalsmarknaden, viss nokon fekk privileg til det, er oppklarande. Å skjere så mykje skurd utan at det gjekk ut over verkets behov for trelast til kol, setteved og bygningsvirke verkar svært lite sannsynleg.
Det er førebels ikkje kjent at det vart gjeve slikt privileg på tømmerlast frå Lesja..