søndag 11. oktober 2020

Om korleis busetnaden kring jernverket voks fram

Dette er manus til ein artikkel i Vigga 17. september 2020 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa.

Lesja jernverk var i drift i om lag 140 år frå sist på 1650-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om verket; det finst ikkje noko bedriftsarkiv. Kunnskapen vi har er i hovudsak frå andre kjelder der verket, gruvene eller tilknytte folk er nemnt. Arnfinn Kjelland samlar stoff og vil framover skrive om ymse frå historia til Lesja jernverk. Det er òg oppretta ei Facebook-gruppe for dei som er interessert: https://www.facebook.com/groups/LesjaJernverkHistorie

Utsyn over Lesjaverk i 1952. Vi ser Verket med hovudbygninga frå 1734 og området kring masomnen nedst i bildet. Sentralt ser vi stasjonen og Myragardane, og oppe til høgre Torsplassen. I bakgrunnen Dosetgardane og lenger nordvestover nokre av gardane i Nørdre Verket. Foto: Widerøe’s Flyveselskap, Lesja kommunes bildesamlingar.


Dei to bygdebokseriane for høvesvis Lesja og Dovre er av sjangeren busetnads- eller gards- og slektshistorie. Her har forfattarane prøvd å kartlegge framveksten av busetnaden (‘gardshistoria’) for gardsbruk og husmannsplassar så godt som muleg ved hjelp av tilgjengeleg kjelder. Utover 1700-talet er det teke vare på meir og meir slikt materiale, særleg kyrkjebøkene frå 1724, men frå tida før desse er det utfordrande og ofte umuleg å finne ut om bustader var busette og kven som budde på dei. Dei enklaste er matrikkelgardane, for dei var den gong dei viktigaste skatteobjekta for staten som var eineveldig styrt frå København.

Når ein i bygdebøkene ofte kan finne informasjon om gardsbruka attende til starten på 1600-talet, kjem det altså av at det aller meste av skattlegginga den gongen var lagt på eigedom i form av jord. Og slike skattelister finst det altså ein god del av frå kring 1600, da staten skjerpa skattane særleg i dei mange krigsperiodane.

Nå var det slik at storparten av jordeigedomen var eigd av andre enn bøndene sjølve. Staten (kongen) var største jordeigar med over halvparten av all skattlagt eigedom i Noreg kring 1660. Berre ein fjerdedel var eigd av brukarane sjølve. Alle bøndene betalte skatt, og dei som ikkje eigde gardane, måtte i tillegg betale bygselsavgifter (leige) til jordeigarane.

I skattelistene går det vanlegvis berre fram namnet på brukaren, og det er dei namna vi finn i bygdebøkene. Etter kvart som vi får fleire kjelder, dukkar det så opp fleire namn, og ‘slektshistoria’ i bøkene kan fyllast opp. Dei viktigaste før kyrkjebøkene er dødsbuskifta og rettsprotokollane, som vi har frå høvesvis 1658 og 1662 for Lesja og Dovre.

Men for jernverksområdet har vi to problem. Grunnlaget for å skattlegge jordeigedom, som i praksis var gardane, var at dei var matrikulerte, dei var innførte i matrikkelen (som er den enkle definisjonen på matrikkelgard). Det er det same som vi i dag har i form av det offentlege registeret over all grunneigedom, der alle eigedomar har gardsnummer og bruksnummer. Dagens register er utvikla frå dei jordebøkene og skattelistene som statlege organ, i praksis futen, førte på 15- og 1600-talet. Der ser vi òg etter kvart korleis gardane vart delt i fleire driftseiningar, gardsbruk, ved at futen førte inn namn på fleire brukarar (skattebetalarar).

Problemet med jernverksområdet er at gardane der ikkje vart matrikulert før i 1838 (jf. bygdeboka) og at brukarane dermed ikkje betalte ordinære skattar. Kva var grunnen til det? Vi må tilbake til privilegia Jørgen Filipssen og Joakim Irgens fekk hausten 1660 (sjå Vigga nr. 20). Der framgår det altså at dei skulle få overta «ein liten gard» (original «liden platz» ved gruvene, Doset, som kongen eigde. Andre gardar i sirkumferensen (Lesja sokn) dei hadde behov for, måtte dei få til avtalar med eigarane om.

Men dette fortel eigentleg ikkje noko om det vi i dag kjenner som verksområdet, som i praksis er det same som Lesjaverk i dag. Ingen av gardane mellom Brandlie (gnr. 19) og Mosenden (gnr. 51) er altså med i dei ordinære registera og eldre matriklane. Fanst det så ikkje gardar utanom Doset i dette området da verket vart etablert? Ei anna kjelde er til litt hjelp. Filipssen sende tidlegare på hausten 1660 søknaden til Kongen om privilegium for eit jernverk på Lesjaskogen. Der står det (nyare ordbruk) at Doset var brukt av ein bonde som budde to mil unna – altså var Doset truleg underbruk (seter) på line med dei som var lista opp slik i sjølve privilegiebrevet.

Det andre problemet er at alle dei nye bergverka som vart etablerte på 15-, 16- og 1700-talet juridisk vart underlagt bergretten, ikkje bygdetinget. Det var den vanlege lågaste rettsinstansen, domstolen, på landsbygda i Noreg. I den var det bygdefolket sjølve som dømde, etter kvart meir og meir dominert av fut og sorenskrivar. Men konfliktar verksfolket vart innblanda i, vart i hovudsak vist til bergretten. Og som nemnt i Vigga nr. 20 var Lesja underlagt Nordafjelske bergamt der arkivet brann opp i 1798, så vi har dessverre ingen slike saker frå folk tilknytt verket, medan dei lokale rettsprotokollane inneheld mykje viktig og relevant kjeldestoff. Vi finn rett nok av og til nokre verksfolk der, til dømes når dei har vore med på såkalla leiermål og blitt bøtelagt for graviditet før ekteskap…

Frå akkurat tida da verket vart etablert, 1660-åra, har vi nokre andre viktige aktuelle kjelder for storparten av landet. Det gjeld særleg det landsomfattande såkalla Titus Bülches manntal (Titus var embetsmannen som styrte innsamlinga av informasjonen). I dette skulle alle mannfolk over 12 år, fordelt på oppsitjarane, sønene, tenestdrengar og «husmender och løsgiengere» førast opp med namn og alder.

Sokneprest i Lesja og Dovre, Sigvart Engebretsson, leverte frå seg lista for prestegjeldet 21. desember 1664. I dette manntalet er Brandlie («Brandtlien») med brukaren, Jacob Haldogsson og bror hans, Jørgen synste busette garden på Skogen. Nørdste garden på Nordmo er Åvangen, med brukaren, Pål Olsson, og sonen hans, Ola. Heller ikkje på Mosenden var det busett nokon, så dette må reknast som ei solid kjelde til å seie at det ikkje fanst fast busette gardar eller plassar i verksområdet midt på 1660-talet. Men mykje tyder på at arbeidet med å bryte malm i gruvene og bygge opp dei ymse anlegga var sett i gang. Det var det nok karar (stort sett) busette på gardane nord- og synnafor som vart engasjert til.

I bygdebokarbeidet for Lesja har eg i sluttfasen lagt betydeleg vekt på å finne ut kva tid dei enkelte buplassane (gardsbruka og plassane) var etablerte. Det skjedde oftast i form av frådeling frå andre bruk eller nyrydding frå «raa rod» som det gjerne står. I det arbeidet var materialet etter overlærar Per Berg frå Steinbakken, Stavem (1886-1974) avgjerande. Han starta tidleg i livet med å samle og skrive av primærkjelder frå ikkje berre Lesja, men òg store delar av Gudbrandsdalen. Det var nettopp dei kjeldene eg nå har nemnt, ofte i sirlege, bokstavrette avskrifter, som har ein stor del av æra for at Lesjabøkene vart rimeleg godt eigna til å finne svar på slike spørsmål.

I bøkene kan ein så bla frå bruk til bruk og under tittelen Folket finne tidspunktet for når eg klarte å kople til personar som sannsynlegvis var fast busette der. I gardshistoriedelen finn ein gjerne fleire detaljar.

I verksområdet er det altså, som nemnt, meir problematisk fordi området låg under verket og vanlege skattelister og rettsreferat manglar. Etter at bygdebokarbeidet var ferdig, dukka ei viktig kjelde med nyttig informasjon frå 1763 opp, men den kjem eg tilbake til ved eit seinare høve. Nå er det framveksten dei første tiåra eg prøver å seie noko om.

Det ser ut til at det var berre for fem buplassar vi fann kjelder som kunne fastslå rimeleg sikkert var busett før hundreårsskiftet 16–1700. Det var Sandgro (gardsnr. 27), der Johannes Engebretsson truleg budde da han på bygdetinget 3. april 1679 fekk bot for «leiermaal i sitt ekteskap». Han og kona, som vi ikkje kjenner namnet på, hadde altså truleg fått barn «for tidleg» i høve til når dei gifta seg. Dermed er det rimeleg å tru dei budde i Sandgro. Men saka vart vist til bergretten, så vi veit ikkje meir om ho. Og fleire busette her finn vi ikkje her, før vi når i kyrkjebøkene, med ein familie som truleg var på bruket frå omkring hundreårsskiftet.

Sandgro, som vi nokså sikkert veit var busett berre nokre år etter at verket kom i gang. Foto frå 1963: Widerøe’s Flyveselskap, Lesja kommunes bildesamlingar.

Den andre busette garden i verksområdet vi har kjeldebelegg for er Knipa (gardsnr. 31), der Lars Erlandsson, yngre son frå Stor-Enstad, budde i 1676. Han var da død, og det vart halde skifte. Dermed er vi sikre på at han og familien budde der. Han hadde elles betydeleg gjeld, men den kjem eg tilbake til i ein annan samanheng. Etter Lars var det så ein Tosten på Knipa. Han vart stemna av verkseigaren sin fullmektig for at han ikkje hadde betalt landskyld (jordleige) sidan 1676. Han hadde arbeidd på Verket i 6 år og hadde kvittering for det. Men kven han var eller om han hadde familie, veit vi ikkje. På denne tida var Knipa berre eitt gardsbruk, som låg øvst i jordet.

Det tredje området der det truleg var kome busetnad i samband med oppbygginga av verket, var lenger nord på Skogen, nedanfor Kvamsgardane. Der var det oppsett ein håmår, drive av vasskraft frå fossen i Rauma (som sidan vart heitande Håmårfossen) til å slå ut stangjern av råjernet frå masomnen. Den prosessen kjem eg tilbake til. Håmåren skal ha vore i drift frå 1680-åra, og det kan da òg ha vore oppsett hus for arbeidsfolket her. Men spora etter desse plassane er stort sett borte i dag, og ingen fekk matrikkelnummer. I bygdeboka (side 237) har eg kopla ein Erland Brynjulfsson til Håmåren i 1683, men det er særs usikkert.

Håmårfossen slik han ser ut i dag. Sjølve håmåren låg nok på nordsida av fossen. Foto: Arnfinn Kjelland.

Nærare sjølve verket må det nok ha vore fleire buplassar busette før hundreårsskiftet, men dokumentasjonen er særs mangelfull. Doset er nemnt i privilegiedokumentet frå 1660, men da utan at ein kan seie garden, truleg berre eitt bruk, var busett. Den første familien vi klarte å kople til Doset var neppe stifta før nærare 1710. Da er det meir sannsynleg at første familien på Nørdre Morke (gardsnr. 42), der båe var ukjente, var kome hit kort tid før hundreårsskiftet.

Myragardane (Midti Myre og Søre Myre) og området kring Lesjaverk stasjon i 1963. Foto: Widerøe’s Flyveselskap, Lesja kommunes bildesamlingar.

Og mest truleg var nok bruka nærast verket; Myre, Torsplassen, Fransplassen og Endresplassen òg busette i 1670- eller 80-åra, men det har vi altså ikkje kjeldeinformasjon til å seie noko om. Utover dei første tiåra på 1700-talet får vi heldigvis meir og meir kjelder med informasjon om dei enkelte plassane og folket der. Det kjem eg tilbake til.

Kjelder

Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja bind 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Lesja kommune.

Om Titus Bülches manntal: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Titus_B%C3%BClches_manntall_1663-1666

Sigvart Engebretsson sitt manntal for Lesja og Dovre: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005111088

Norsk historisk leksikon: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Forside:Leksikon

Store norske leksikon: https://snl.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...