lørdag 24. juli 2021

Om dei første malmfunna på Skogen

Dette er manus til ein artikkel i Vigga i to delar, 1. og 8 juli 2021 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa. Ingressen er teke ut.

Starten på malmdrifta og jernverket ved austenden av Lesjaskogsvatnet var dramatisk og mange forfattarar har skrive om dette. Nokre av dei har gått til primærkjeldene, men mange har eigentleg berre skrive av det andre har skrive før. I tillegg er hendingane innvevd i fleire større historiske prosessar, frå statsmaktas import av utanlandsk teknisk ekspertise til kompliserte konfliktar mellom slektsnettverk i Norddalen. Eg skal prøve å nøste opp i noko av dette.

Den eldste omtalen, skildringa av denne fasen i verkshistoria, var det truleg verkseigaren Hans Holmboe som gjorde da han i 1755 skreiv sine «Anmerkninger» over prestegjeldet. Men der er omtalen nokså overflatisk; han skriv at den første som «lagde Haand» på verket var «en gammel Præstemand» på Fron, men at han mista finnarretten til den første verkseigaren Jørgen Filipssen (sjå Vigga 28. januar i år) etter prosess utan nærare vurdering av den saka.

Det er først i 1884/1886 at det kjem ein grundig gjennomgang av malmfunnet og etableringa av jernverket. Da skreiv den særs produktive historikaren Ole Andreas Øverland (1855–1911) ein artikkel i Historisk tidsskrift om dei ‘forviklingane’ som gjekk føre seg i Gudbrandsdalen i siste del av 1650- og første del av 1660-åra. Han sette da det som skjedde på Lesjaskogen inn i ein større nasjonal samanheng. Det er i hovudsak Øverland seinare forfattarar bygger framstillingane sine på. Eg bygger her på ein del av det Øverland fann ut, der han tydeleg er basert på primærkjelder frå perioden.

Øverland tek utgangspunkt i eit nettverk av aktørar kopla til den kjende presteslekta på Lesja i første del av 1600-talet. Det var etterkomarane etter Jens Jensson den yngre, som var prest i Lesja frå 1602 til 1639; Jens-legde, som Ivar Kleiven skriv nokså kritisk om. Ungane til Jens d.y. kom på ymse vis inn på betydelege gardar i Lesja og Dovre; Hovauk, Brennjord, Hattrem, Flågåstad, Lia, Sønstebø, Tynnøl, Stor-Kollstad og Hauje (etter bygdeboka).

Lesja prestegard.

To av denne syskenflokken koplar Øverland til frigarden Tofte på Dovre, der brukaren var Ola Olsson av «den samme aristokratiske Bondeslægt, som gjør Paastand paa at kunne føre sit Stamtræ op til Middelalderen». Ola hadde to barn, sonen Ola og dottera Marit, som var «Faderen op ad Dage i Grumhed og Hensynsløshed».

Øverland sparar som vi ser ikkje på personkarakteristikkar, og han legg betydeleg vekt på at båe desse to gifta seg til ‘Jens-legde’ og vart djupt involvert i dei dramatiske hendingane. Ola Tofte den yngre var gift med Mari Jensdotter. Dei kom til Hauje på Lesja i alle fall i 1663; før det var dei nok på Tofte. Systera Marit Tofte gifta seg med hovudpersonen i dramaet, Kristoffer Jensson, i 1642, der vi veit året fordi dei fekk bot for ulovlegsamlege før dei var gifte. Same året bygsla dei halvparten av Flågåstad.

Så langt vi kan sjå av primærkjeldene, startar dei dramatiske hendingane vinteren 1656, da Kristoffer av ein eller annan grunn la seg i bakhald og drap ein av sønene på Oppistugu Kårbø, Jon Nilsson, med øks. Han vart pågripe, men stakk av før saka kom opp på lågaste rettsinstans, bygdetinget. Der vart han likevel dømt til å vere fredlaus, det vil seie at kven som helst kunne ta livet av han om dei fann han. Men Kristoffer klarte likevel å gå fri i bygda i sju år før han vart fanga etter nok eit drap, der dødsstraffa ikkje var til å unngå og han vart avretta.

Men kva har så dette med malmen og jernverket å gjere? For å skjøne det må vi sjå litt på utviklinga i konglomeratstaten Danmark-Noreg med Island, Holstein m.m. I perioden etter reformasjonen i 1537, da Noreg vart lagt under Danmark, hadde det vore tilbakevendande krig med naboen Sverige. Kalmarkrigen 1611–1613, der gudbrandsdølane tok seg av dei skotske leigesoldatane ved Kringen, var ein av desse krigane.

Krig var dyrt da som nå, og kongane sleit med å finne pengar. Framleis måtte dei dele makta med den danske høgadelen, som nekta å betale skatt fordi det i eldre tid hadde vore dei som førte krigane. Men på 1600-talet måtte kongane leige soldatar mot betaling, særleg i den fryktelege trettiårskrigen, der danskekongen Kristian den fjerde (‘Kvart’) gjekk på eit kostbart nederlag og etablerte så i 1628 den norske hæren bygd på verneplikt.

Høgadelen satt i Riksrådet (datidas regjering) og styrte landet etter avtale og i samråd med kongen. Ved tronskifte hadde dei mellom anna rett til å velje neste konge. Dei hadde i tillegg til skattefridom rett til å drifte store område i landa under kongen. Desse vart kalla len, og kan samanliknast med fylka i dag. Som lensherrar hadde dei ansvar for å krevje inn skattane frå vanlege folk, leigeinntekter frå gardar som kongen (statsmakta) eigde, handheve lov og rett med meire (det varierte ein del) i lena. Men desse høgadelege var ikkje sjølve ute i landet; dei sat vanlegvis i hovudstaden, København, eller på godsa sine i Danmark. Til å gjere jobben rundt om i lena hadde dei fogder, eller futar som dei vart kalla i Noreg. Desse futane løyste oppgåver både for lensherren sin, men òg for kongemakta blant anna innan rettsvesenet, og vart etter kvart først og fremst kongelege embetsmenn.

Futane vart snart den minst populære gruppa i Noreg, naturleg nok, først og fremst fordi dei hadde ansvaret for skatteinnkrevjinga. Og nettopp i denne perioden frå kring 1620, vart skattane for vanlege folk pressa kraftig opp. Mange futar gjekk hardt fram, og dei hadde høve til å slå under seg betydeleg rikdom ved å jukse med rekneskapsføringa, i alle fall før kongemakta fekk eineveldig kontroll.

Kongane, særleg Kristian Kvart, såg seg desperat rundt etter andre midlar enn dei kunne trekke ut av dei fattige bøndene. Og noko av det mest attraktive var kis eller erts, altså metall, særleg edelmetall, men òg jern. Kongane drog derfor sjølve i gang bergverk, der sølvverket på Kongsberg vart grunnlag i 1623, og etterkvart koparverka på Røros og Løkken, var dei viktigaste. Etter kvart kom òg jernverka.

Men for å få i gang bergverk, måtte staten i første omgang innføre fagfolk frå utlandet, ofte tyskarar, som ikkje akkurat for fint fram den gong heller. I Seljord i Telemark gjekk bøndene til opprør mot dei tyske bergfolka, men kongen sende soldatar og avretta fem bønder, der den sjette måtte vere bøddel. Bygdefolket var derfor lenge ikkje interesserte i å melde frå om berg som kunne innehalde malm. Dette skjønte statsmakta etter kvart, og utforma forordningar som både straffa dei som ikkje meldte frå om muleg bergmalm og lønna dei som gjorde det rikeleg. Til å administrere bergverka i Noreg oppretta kongen Bergamtet i 1654. Det fekk òg dømmande myndigheit i saker som galdt bergverka. Høgste embetsmann var overbergmeisteren.

Og nå nærmar vi oss omsider jernmalmen på Lesjaskogen. Ei form for løn for malmfunn var at om vedkomande var straffa som fredlaus, kunne han få fridomen ved å melde funnet til ein eller annan embetsmann, som så kunne få i gang drift. Og i Lesja (og Dovre) fanst det sist i 1660-åra ein slik kar, Kristoffer Jensson Flågåstad.

Slettomsgruva, på teig som i dag høyrer Slettum til, kan ha vore staden der den første malmen vart funne på Lesjaskogen.

På denne tida var det truleg kjent at det på Lesjaskogen fanst jernhaldig erts, og det hadde nok nettverket rundt den fredlause Kristoffer Flågåstad greie på. Svogeren Ola Stor-Kollstad (etter Øverland var han gift med Anne Jensdotter) drog til Enstad og Bjølverud på forsommaren same året Kristoffer vart dømd fredlaus. Av brukarane der fekk han sjå nokre stader der det kunne vere slik erts. Ola tok med seg prøver, som han altså ville vise ein kongeleg embetsmann som kunne ta saka vidare.

Her kjem konfliktane kring ‘Jens-legde’ til syne, slik Øverland skildrar dei. Sokneprest Jens den yngre vart på 1630-talet såpass skrøpeleg at han måtte ha ein kapellan, Sigvart Engebretsson frå Stor-Hove i Fåberg, men av den gamle Munk-ætta i Gudbrandsdalen. Da Jens døydde i 1639, valde kyrkjelyden Sigvart til sokneprest i Lesja. Men allereie på den tida var det full konflikt mellom han og dei sentrale delane av ungane til Jens. Det er fleire teoriar om bakgrunnen, mellom anna at Jens ville at kapellanen skulle gifte seg med ei av døtrene hans, noko han ikkje gjekk med på.

Poenget er at Ola Stor-Kollstad, som altså skal ha vore inngifta i ‘Jens-legde’, burde gått til næraste embetsmann med informasjon om at det kunne vera jernmalm på Skogen. Det var soknepresten i Lesja, Sigvart Engebretsson. Men det gjorde han altså ikkje, truleg på grunn av fiendskapen. Han gjekk i staden til nivået over, den lærde prosten, magister Iver Pedersson Adolp (1620–1665) på Fron. Prosten skal ikkje akkurat ha vore ‘mors beste barn’, etter seinare dom i prosteretten (Øverland), Han såg nok, med denne førespurnaden, eit høve til å få i gang eit jernverk som kunne gje han store inntekter.

Prosten i Fron, Iver Adolp kunne altså sende malmprøvene inn til bergamtet, og fekk såkalla mutingsbrev, rett til å utnytte malmfunnet, frå overbergmeisteren 28. juli 1656. Til slike var det knytt visse vilkår; viktigast var det at arbeidet måtte settast i gang innan eitt år. Og det var det som vart problemet for prosten; han skal ha hatt vanskar med å skaffe midlar til å starte noka drift. Det hadde truleg samanheng med den krigen med Sverige som braut ut året etter, Krabbefeiden, der Danmark-Noreg leid sviande nederlag. Svenskane overtok heile Trondheims len (med Nordmøre og Romsdalen) og Båhus len sør for Svinesund ved fredsslutninga i Roskilde i februar 1658.

Denne avståinga av ein stor landsdel etter krigen vart òg viktig for jernverket på Skogen. Ein ting var at nå vart det ei landegrense mellom Lesja prestegjeld og Grytten prestegjeld i Romsdalen, ei grense mellom to kongerike som låg i meir eller mindre konstant krig med kvarandre. Det vart heldigvis ikkje sett opp svenske militære einingar i Romsdalen, men det måtte avtalast ei formell grense. Ein del av fredsavtala var at ein felles kommisjon skulle møtast, synfare området og fastsette grensa.

I denne samanhengen møter vi den seinare verks- og jordeigaren i Lesja, Jørgen Filipssen (sjå om han i Vigga 28. januar i år). Han var fut i Nord-Gudbrandsdal, og hadde fått pålegg om å møte på Skogen i mai 1658 for å hjelpe kommisjonen med grensearbeidet. Men da som nå prøvde partane å flytte grensa til fordel for seg, så forhandlingane trekte ut, og Filipssen vart gåande og vente. Samstundes hadde han ein fullmektig, Anders Nilsson, som saman med lensmannen Per Ekre tok seg av skatteinnkrevjingane i bygda. Dei vart merksame på malmfunna som Ola Stor-Kolstad alt hadde meldt inn og som prost Iver Adolp alt hadde fått mutingsbrev på. Men prosten hadde ikkje fylt vilkåra, så Filipssen såg da ein sjanse til å bli bergverkseigar. Han sette i gang folk til å grave fram malmholdig berg og tok med seg prøver til overbergmeisteren i Christiania.

Bergadministrasjonen hadde på denne tida blitt lei av at prestar blanda seg opp i bergverka, og støtta Filipssens initiativ. Men så braut det ut krig att hausten 1658, den såkalla Bjelkefeiden etter den norske øvstkommanderande Jørgen Bjelke (1621-1696). Avståinga av Trondheims len var noko som verkeleg hadde vakt misnøye over heile landet, og det vart mobilisert for å ta landsdelen att. I Gudbrandsdalen vart ein større styrke bondesoldatar mobilisert (sjå nærare i Vigga 28. januar i år). Da samarbeidde futen og prosten godt. Båe deltok i felttoget nordover, som altså enda med at landsdelen vart tatt attende til Noreg.

Straks krigen var slutt var det òg slutt på samarbeidet mellom Filipssen og Adolp; båe var sterkt opptekne av å få hand om malmen på Lesjaskogen. Det er ikkje her plass til å gå inn i dei kompliserte juridiske utgreiingane og påstandane som kom frå båe sider, men konklusjonen gjekk altså i Filipssens favør og han fekk privilegiebrev 19. november 1660 (sjå Vigga 28. mai 2020). Iver Adolp kjempa likevel med nebb og klør for det han meinte var retten sin.

Nå får dei nasjonale hendingane betyding for etableringa av Lesjaverket att. Krigen vart avslutta i mai 1660 med tilbakelevering av Trøndelag, men resultatet var òg at Danmark-Noreg i realiteten var ‘konkurs’; staten hadde ei gjeld kongen ikkje klarte å handtere. Det var i hovudsak til dei store handelsborgarane i København, men òg til slike rikfolk som Filipssen og andre med såkalla borgarskap i Noreg.

Einaste måten kongen kunne skaffe midlar på, var skattlegging. Men vanlege folk var nå så hardt pressa at det var minimalt ekstra å få ut av dei. Den einaste gruppa som hadde rikeleg var adelen, særleg den danske høgadelen (sjå framafor), men dei hadde aldri betalt skatt og nekta framleis, sidan dei styrte Riksrådet.

Landsstyret bestod frå riktig gamalt eigentleg av fire stender, som kvar hadde like mykje å seie saman med kongen: adelen, presteskapet, borgarane og allmugen (altså dei aller fleste...). Dei kunne møtast for å fatte vedtak, til dømes om skatt og for å hylle nye kongar, men elles var det etter reformasjonen Riksrådet og kongen som styrde.


Fredrik 3., den første einevaldskongen

Det som skjedde i København hausten 1660 var eigentleg eit statskupp. Det vart kalla inn til stendermøte for å skrive ut meir skatt for å dekkje opp statsgjelda. Kongen, Fredrik 3., handelsborgarane og presteskapet gjekk da saman om å avsette Riksrådet, og Fredrik vart da ‘plutseleg’ eineveldig og statsforma i Danmark-Noreg vart einevelde. Det var ho til 1814 her til lands (til 1848 i Danmark). Med denne endringa hausten 1660 vart Danmark-Noreg òg eit arvekongedøme, kongens eldste son fekk førsteretten ti å overta styret utan at eit riksråd skulle ‘velje’ han. Dette saman med eineveldet vart bestemt i ei eiga erklæring, og den skulle òg stendene i Noreg slutte seg til. Det vart gjort på eit hyllingsmøte i Christiania 15. august året etter, og der var òg den norske ‘menige allmuge’ innkalla. Det vart òg sett herredag på møtet, ei ordning med domsmakt liknande den høgsteretten seinare fekk.

Til hyllingsmøtet skulle prosten med to av sokneprestane frå kvart prosti møte, og ev. to lagrette- og ombodsmenn kvart tinglag (rettskrets). Her fekk prost Iver til at Kristen Hovauk og Ola Kollstad av ‘Jens-legde’ møtte som hyllingsmenn frå Lesja og Dovre. Til slike møte kunne òg alle innbyggjarane sende klageskriv, såkalla suplikkar, og det høvet nytta prost Iver. Han fekk mange bønder nedover dalen med på klageskriv mot futen og sorenskrivaren for skattefusk og ulovlege avgifter for embetsarbeid.

Klagane førte til stor oppstand i Christiania, kalla ‘opprør’. Sjølvaste statthaldaren reiste til Fåberg og heldt ‘forhør’ over dei hyllingsmennene som hadde signert suplikkane. Klageskriva vart avvist av herredagen, hyllingsmennene vart fengsla og prosten avsett. Iver og ‘Jens-legde’ leverte òg klage på Lesjapresten Sivert, utan å få medhald. Kristen Hovauk vart året etter dømd «frå gard og grunn» for ulovleg å ha kalla saman folk ved hjelp av bodstikka i denne saka.


Utsyn frå Ulvhushaugen ved Dovrekyrkja, der Kristoffer vart avretta, mot frigarden Tofte.

Og med dette gjekk det òg mot rettferd for Kristoffer Flågåstad. Det vart sett i gang meir systematisk leiting etter han. Det førte til at han vart funne og teke med makt. I tumultane omkom ein kar og ei jente, slik at Kristoffer vart dømd for tre drap i mars 1663. Ivar Kleiven fortel at Kristoffer vart avretta på Ulvhushaugen same året.

Så historia om malmfunnet som vart grunnlaget for det vesle jernverket vi hadde på Lesjaskogen frå kring 1660 til kring 1800 må forståast i samanheng med sentrale hendingar i historia både til Gudbrandsdalen, Noreg og Danmark for å gje meining.

Kjelder og litteratur

Berg, Per S. 1968: Lesja Jernverks Historie 1660–1730. Del 1. Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo, trykt utan fotnotar i Årsskrift for Lesja historielag 1983.

Kjelland, Arnfinn 1996: Bygdebok for Lesja. Bind 3. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn. Lesja kommune.

Kleiven, Ivar 1923: Lesja og Dovre. Aschehoug.

Kleiven, Ivar 1930: Fronsbygdin. Aschehoug.

Øverland, O. A. 1884/1886: Forviklinger paa Oplandene i midten af det 17. Aarhundrede. Historisk Tidsskrift 2. rekke bind IV side 272–303 og bind V side 1–50.


1 kommentar:

  1. Legger inn kilden hvor rettsaken mellom Jørgen Fillipssen og Iver Adolp kan leses:
    "Norske Herredags-Dombøger : Fjerde Række (1652-1664) : Andet Bind Dombok for 1661 : Ved Jens Arup Seip"
    https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2017011748092

    Hilsen Grete Singstad

    SvarSlett

Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...