onsdag 2. juni 2021

Om det første samla oversynet over verksområdet

Dette er manus til ein artikkel i Vigga 14. mai 2021 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa. Ingressen er teke ut.

I ein tidlegare artikkel (Vigga 17. september 2020) gjorde eg greie for framveksten av busetnaden kring verket, altså perioden frå etableringa og framover til kring 1700. Det var i all hovudsak bygd på kjelder innsamla og behandla i bygdeboka. Men da bygdeboka var skrive, trudde eg, og dei som hadde arbeidd med stoffet før, at ei sentral kjelde til busetnad i Noreg frå året 1762 var gått tapt.

Det var den såkalla ekstraskatten. Den var innkravd for heile landet, men for Gudbrandsdalen var ingen av prestegjeldslistene blitt teke vare på, før lista for Lesja dukka opp att i samband med ordning av futearkiva på Riksarkivet på 1990-talet.

Men først nokre ord om skatten. Heilt attende til Den store nordiske krigen (1709–20) hadde Danmark-Noreg drege med seg stor statsgjeld. Så braut Sjuårskrigen ut i Tyskland i 1756, og sjølv om vi ikkje vart direkte involvert, fant den eineveldige statsmakta ut at det måtte sendast ein stormilitærstyrke til Holstein for å vakte sørgrensa for riket. Nærare 25.000 mann, der minst det halve var norske bondesoldatar, vart sendt. Dei kosta mest like mykje som om vi hadde vore med i sjølve krigen. Ein god del lesjingar og dovringar var nok med som soldatar.

Holstein-kostnadene førte til at det i september 1762 vart bestemt at det skulle krevjast inn ein ny, tung skatt. Kvar person over 12 år, utan omsyn til økonomisk evne, skulle betale 8 skilling månaden eller 1 daler i året i ekstraskatt. På bygdene skulle skatten krevjast inn kvar tredje månad. Husbonden skulle stå ansvarleg for kvar husstand, og soknet for dei som var så fattige at dei ikkje klarte å betale.

Inntil nå hadde bøndene vanlegvis betalt 5–10 dalar i årleg skatt. Med hushald på 6–8 personar, og kanskje 3–6 var over 12 år og skulle betale 1 dalar kvar i året, ser vi skatten samla sett auka med 50 %. Det førte til betydeleg uro rundt om i landet, der den såkalla Strilekrigen i Bergen er best kjent. Strilane var folket i omlandet til Bergen som i stor grad levde av å selje varene sine i byen. 2000 strilar marsjerte i april 1765 inn i byen, trengde seg inn i den herskaplege bustaden til stiftamtmannen, gjekk fysisk laus på han, reiv av han hatten og parykken, flerra skjorta og riddarbandet av han og jaga han rundt på eigedomen. Samstundes fekk dei òg fatt i futen, og dei to vart skubba og dregne gjennom bygatene.

Dette var nok det mest dramatiske utslaget av folkelege motstand mot skattlegging frå København i heile einevaldstida. Det var óg einaste gongen statsmakta sendte orlogsskip og danske verva soldatar til Noreg for å sikre «ro og orden». Det kom òg til uro andre stader i landet, m.a. i Romsdalen, Sogn og Stavanger og her i Gudbrandsdalen. I Øyer var det tilløp til dramatikk på tingsamlinga 20. februar 1765. Da stilte kaptein Darre opp 40 dragonar med dregne kårdar mot bøndene, før han las ordren frå amtmannen om å arrestere «oppviglaren» Per Pålsson Solbrå. Sjå nærare om desse hendingane i Årbok for Gudbrandsdalen 2003.

Skattesystemet hadde på denne tida lenge vore slik at hovudskattane hadde vore utlikna på skylda, som godt kan samanliknast med dagens eigedomstakst, på kvar gard. Desse var det råd å halde oversyn over. Men denne nye «koppskatten» (etter tysk kopf, hovud, dvs. person) kravde eit meir omfattande registreringssystem. Det var naudsynt å vete kor mange personar det var over 12 år i kvar husstand, og dette endra seg jo stadig – både gamle og unge døydde, tenestefolk flytta, barn voks opp, soldatar skulle betale halv skatt osv.

Løysinga vart at soknepresten skulle sette opp ei hovudmanntalsliste over alle personar over 12 år i alle husstandar i prestegjeldet. For kvar månad skulle han så føre av- og tilgangslister der endringar for dei einskilde husstandane i prestegjeldet gjekk fram. Sjølve innkrevjinga av skatten var det som vanleg futen som hadde ansvaret for.

Hovudmanntalslistene etter ekstraskatten har vore rekna som ei særs viktig lokalhistorisk kjelde. Dei fungerer tilnærma som ei folketeljing, sjølv om barn under 12 år ikkje var med. Desse hovudlistene manglar altså for Gudbrandsdalen; i Riksarkivet ligg berre summariske saman­drag og av- og tilgangslistene for kvart sokn. Men eit dokument som galdt første inn­betalinga, siste kvartal i 1762 for Lesja prestegjeld, er det truleg av futen påført: «Soknepr. Hans Smidt har levert mig et annet og noget Rigtigere … Manntal». Og ganske riktig, saman med av- og tilgangslistene for første kvartal 1763 ligg eit fullstendig manntal over Lesja, datert 17. februar 1763. Det har 2352 personar lista opp med for- og fars­namn, hushald osv.


Framsida på Smidts manntal 1763.

Første oppslaget i manntalet, Stuguflotten og Rånå.

I denne samanhengen er det sjølvsagt manntalet over dei bruka som låg direkte under verket som er interessant. På denne tida var det ei aktiv drift under leiing av Pål Irgens, noko eg kjem tilbake til ved eit seinare høve.

I manntalet finn vi at det kring årsskiftet 1762–63 i verksområdet var til saman  105 menneske over 12 år, 19 busette verksplassar med eigne namn utanom verksgarden og 23 «brukarpar», dvs. vaksne, gifte par.

Namngjeven plass 1763

Hankjønn

Hokjønn

Brukarar

Verket

8

7

1

Doset

5

6

3

Knipa

2

3

1

Lykkjom

3

3

1

Gravset

5

1

1

Sandgro

4

3

1

Nord-Slette

3

1

1

Sør-Slette

2

1

1

Bryggja

1

2

1

«Stigers Pladsen»

2

2

1

«Nye Rydningen»

1

2

1

«Tile Pladsen»

1

2

1

Knipstugu

3

2

1

«Casper Pladsen»

2

2

1

«Hammer Smeds Pladsen»

2

4

1

Torsplassen

1

1

1

«Masemester Pladsen»

2

1

1

Fransplassen

2

2

2

Morke

4

3

2

Sandom

2

2

1

Sum:

55

50

24

Vi ser av tabellen at fleire av plassane hadde meir enn eitt brukarpar. Gjennom bygdeboka kan vi sjå at Doset og Morke truleg var delt på denne tida (Nørdre og Søre), men det er ikkje registrert at Fransplassen har hatt to bruk. Men det er da heller ikkje sikkert at ein plass var delt permanent sjølv om det var to brukarpar her nokre år. Trass alt var det nok på verket at folket fann hovudlevebrødet her i området.


Oppsettet med bruka under jernverket.

Dei plassnamna som er sett i gåseauge, er slike som ikkje var kjent da bygdeboka vart skrive, og dermed ikkje er nemnt i bind 1, medan dei andre bruksnamna er normaliserte slik dei står i bygde­boka. Lista for verksområdet er ikkje kolonnedelt på same måte som hovudlista. Under kvar plass er det berre lista opp namna på dei over 12 år som budde der. Men etter som hovudpersonane oftast er gifte med kvarandre, og barn under 12 år er med, er det stort sett råd å identifisere dei og kople dei til familie­informa­sjonen i bygdeboka.

Korleis stemmer så informasjonen i manntalet med bygdeboka? Ut frå rekkjefølgja plassane er førte i manntalet, kan vi truleg rekne med dei er registrerte slik: opp­skrivaren starta i Doset, der det altså ser ut til å ha vore 3 brukarfamiliar. Doset ligg oppe i lia eit stykke høgare enn Verket. Så gjekk han nord­over i same høgda (der det truleg gjekk ein gamal rideveg) og kom til tunet på Knipa, som den gong låg nokre hundre meter høgare den gongen enn i dag. Vidare nordover oppe i lia kom han til Lykkjom, Gravset og Sandgro, før han svinga ned til Sør- og Nord-Slette og Bryggja, som var den nørdste plassen i sjølve verks­området.

Så, før Knipstugu, er det ført tre «ukjente» plassar i manntalet. Familien på «Stigers Pladsen» er òg funne i bygdeboka, men da plassert i «sekkeposten» Verksfolk, sist i bind 1. På «Nye Rydningen» budde det i 1762–63 eit par som nokre år seinare er i Knipstugu. Det er ikkje råd å knyte nokon av desse til plassar som er kjent i nyare tid.

Men den tredje, «Tile Pladsen», har eg kanskje identifisert. I den ruta registratoren truleg gjekk, manglar eit bruk i lia nedafor Lykkjom, Plassen (gardsnr. 29). Etter bygdeboka var Plassen folkesett seinast midt på 1740-talet, men det manglar folk der mellom ca. 1751 og ca. 1768.

Tile-namnet er kjent gjennom ein familie av verksfolk, Tile Hansson gift med Marit Hansdtr. med i alle fall 4 barn født i 1720- og 30-åra. I bygdeboka (side 629) er denne familien ført på «Kornplassen», som eg ikkje visste kvar låg. Den familien som står på Tileplassen i manntalet, kom til Sør-Morke sist i 1760-åra. Når dei er ført her i 1762–63, og andre folk budde i Morke og det «mangla» folk på Plassen, er det ikkje urimeleg å rekne med at Tile og familien budde der nokre tiår tidlegare og namnet hang att.

Ut frå denne rekkjefølgja kan vi da kanskje tru at Stigersplassen og Nyrydningen må ha lege ein stad mellom Slette-gardane og Plassen, men det er det i dag ikkje råd å veta meir om.

Vidare forbi Knipstugu kjem vi til «Casper Pladsen» og «Hammer Smeds Pladsen». Dei familiane som står på desse plassane i manntalet er enklare: dei er i bygdeboka utan atterhald knytt til Nørdre og Søre Myre, to bruk i det som nå er Lesjaverk sentrum. På Kasparplassen eller Nørdre Myre, budde Petter Kasparsson med familie frå sist i 1720-åra. Foreldra hans budde nok her før, men i bygdeboka er dei òg plasserte under Verksfolk. Nørdre Myre er elles heilt borte; gards­tunet låg like vest for der Lesjaverk stasjon no ligg.

På Håmårsmedsplassen eller Søre Myre, budde i 1763 andre generasjon av den store Fallei-familien. Dei første, Maria og Anders, var innflyttarar frå Odalen, og ved verket var han hammarsmed, så namnet på plassen gav seg sjølv.

Den siste plassen med ukjent namn er «Masemester Pladsen». Den er nemnt mellom Torsplassen og Fransplassen. Familien i manntalet finn vi att på Endresplassen i bygdeboka og første generasjon der var masmeister Endre Andersson. Det kan neppe vere tvil om at den garden som i dag heiter Endresplassen vart kalla Masmeisterplassen i 1760-åra.

Kjelder og litteratur

Lenke til start på originallista: https://www.digitalarkivet.no/rk10051110140287

Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja. Bind 1 Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Lesja kommune.

Kjelland, Arnfinn 2003: «et Slagtoffer for Extraskattens ydelse». Litt om ekstraskatten 1762 i Gudbrandsdalen og ei ny kjelde, hovudskattemanntalet for Lesja prestegjeld. Årbok for Gudbrandsdalen 2003 s. 169–179.

søndag 25. april 2021

Hittil ubehandla primærkjelder om verket

Hittil ubehandla primærkilder til jernverkshistorie er nå publisert på Digitalarkivet, Det er frå ein arkivboks på Riksarkivet, som eg først fann gjennom søk på Arkivportalen og gjennom førespurnad altså har fått digitalisert og publisert; takk til Arkivverket for denne tenesta (og for at eg blir rekna som 'profesjonell' brukar).

Det er neppe nokon som har bladd igjennom desse dokumenta før; eg har i alle fall ikkje sett noko som liknar i bygdebokarkivet da blant materialet etter overlærar Per Berg.

Nokre innleiande vurderingar av stoffet:

For det første, innhaldslista slik ho er i dag, må vere feil. Det er ikkje lesjastoff heilt til Moss jernverk skal starte side 94 (dessverre). For alt på side 31 startar eit skriv stila til kongen, og det ser ut til å gå heilt til siden 92/93.

Side 2: ser ut til å vere ei kongeleg stadfesting av tiendfritak for 20 år frå 1774, truleg ein kladd eller kopi for arkivering, ikkje originalen.

Side 3 til 7 ser nokså kryptisk ut. Papiret er stempla med årstalet 1798, og i den høgre spalten står det altså "den 5. Octbr. 1798, så dateringa må vere nokså klar. Men kva betyr elles talrekkjene her? Kan det vere bilagsnummer og beløp i dei to kolonnene på kvar side? Kan bli vanskeleg å finne ut av.

Side 8 og truleg til og med side 12 eller 15: Her dukkar eit (eller fleire, vankeleg å sjå av skanninga) interessant dokument opp, signert (s. 8) zahlkasserer Andreas Schaft, som altså har røter til Lesjaverket. Foreldra, Jørgen Omejer og Lisbet, står under Verksfolk i bind 1 s. 625. Tolkinga av dette dokumentet vil ta litt lenger tid, men eg ser at fleire andre verk er nemnde i teksten, så det er neppe det er så mykje meir å hente om Lesja.

Side 17-18-19 (fire skanna sider) ser òg ut til å vere skrive av Schaft. På s. 18, høgre delen står det  ca.: "Specification paa efterskrevne Qvitteringer henhørende til Norske Zahl-Casse Regnskaber for Aarene 1796 og 1797, som herhos følgelig, nemlig:" Ingen av postane nedanfor ser dessverre ut til å ha noko med Lesja å gjere. Litt finlesing kan kanskje avdekkje noko.

Side 20 - her startar teksten med referanse til zahlkasseraren før Schaft, Niels Berg, men ser elles ut til å vere av same type som sidene før. På side 21 er Lesjaverket omtalt, noko om tidend-friheit frp 1794.

Side 23 - ser ut til å vere eit brev, eller helst ein kladd til 'kasserer Berg', ser og ut til å vere utan referanse til Lesja.

Side 25: eit Pro Memoria datert 15. september 1798 som ser ut til å gjelde dødsbuskifte etter ein Anker, også denne ser ut til å vere utan refranse til Lesjaverket.

Side 26 ser \og til til å vere noko som gjeld zahlkassa og Aker og Follo futedømme, altså rimeleg langt frå Lesja.

Sidene frå 27-30 ser ut til å vere av same type som side 3-7.

Dessverre altså ikkje spesielt mykje interessant stoff om Lesjaveket i denne arkivboksen.

torsdag 11. mars 2021

Om Aage Irgens' verkshistorie i A-magasinet 23. august 1930

I ein artikkel skrive for A-magasinet i 1930 fortel Aage Irgens om Lesjaverket. Han er truleg Aage Henrik Irgens (1882-1975), økonom og bankmann og ein kjent slektshistorikar. Han har skrive fleire artiklar i Norsk slektshistorisk tiddskrift, kjente tydelegvis Holmboes Anmerkninger og må nok reknast som ein påliteleg historikar.

Han er så langt eg kan sjå (av boka Oplysninger om slegten Irgens fra Røros) ikkje direkte etterkomar av Irgensane som var i Lesja, men han har nok hatt god kunnskap om Lesja og jernverket og skriv rosande både om folket og kommunen.


Det eg tenkte å drøfte her, er nokre utsegner han har i artikkelen om tilhøve ved verket. På første sida venstre spalte skriv han "Masovndriften foregikk til å begynne med på nordsiden av vannskillet, altså ved Rauma". Det har eg førebels ikkje funne nemnt i beskrivande kjelder frå den tida verket var i drift, men eg var på synfaring ved Håmårfossen midt på 1980-talet i lag med Ingvald Brudeli (1902-1987). Han hadde vore brukar på Håmåren og hadde sett mange spor etter drifta ved Håmårfossen, og meinte det måtte ha vore ein håmår der. Det kan nok stemme, men eg kan ikkje forstå at det kan ha vore før anlegget i austenden av vatnet vart oppbygd.

Vidare: "Senere bestemte eierne sig til å demme op myren på begge sider av vannskillet for derved å opnå tilstrekkelig vannføring mot syd gjennem Lågen". Der vart altså "det nye anlegg istandbrakt". Eg kan ikkje forstå anna enn at det Irgens her skriv om må bygge på ei form for tradisjon, som det ikkje kan leggast vekt på. Eg kjem nok tilbake til dette ved eit seinare høve.

På side 7 skriv han om "de synlige spor" om "en nedfallen masovn" og "levninger av vannfallshjul og turbiner som drev blåsebelgene og stangjernshammeren". Bakgrunnbildet her på bloggen (Wilse 1919) er dessverre frå ein vinkel slik at ev. restar etter vasshjulet nok må ha lege bak masomnen. Men det er eigentleg litt merkeleg at ingen andre beskrivingar eg har hatt tilgang til nemnet slike "synlege spor" for knapt hundre år sidan.

Men ut frå det han skriv sist på om tomta etter kyrkja, må ein tru han hadde vore på synfaring. Verkseigarane skal altså ha vore gravlagt under koret i kyrkja medan ho stod ved verket. Ei gravplate var framleis synleg, med teksten:


Brit Pålsdotter var nok kona til Tore Olsson frå Bottem og Mølme, som kjøpte Verket i 1812 (bygdeboka side 577). Ho kom frå Millom Morke. Så vidt eg kan sjå er ikkje dødsfallet ført i kyrkjeboka, men det vart halde skifte etter ho 19. juni 1819.

Kommenter gjerne!

onsdag 10. februar 2021

Om dei første verkseigarane: Jørgen Filipssen

Dette er manus til ein artikkel i Vigga 28. januar 2021 i serien Glimt frå historia til Lesja jernverk. Det treng ikkje vere 100 % samsvar med teksten eller formateringa i avisa.

Lesja jernverk var i drift i om lag 140 år frå sist på 1650-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om verket; det finst ikkje noko bedriftsarkiv. Kunnskapen vi har er i hovudsak frå andre kjelder der verket, gruvene eller tilknytte folk er nemnt. Arnfinn Kjelland samlar stoff og vil framover skrive om ymse frå historia til Lesja jernverk. Det er òg oppretta ei Facebook-gruppe for dei som er interessert og ein blogg der Vigga-artiklane blir lagra i ettertid.

Som vi såg av første artikkel (Vigga nr. 20, 2020) var det altså Jørgen Filipssen og Joakim Irgens som i 1660 fekk løyve av kongen, Fredrik 3., til å starte opp eit jernverk på Lesjaskogen. Men han var ein aktør på mange felt  over store delar av Austlandet. I dette stykket gir eg eit førebels oversyn over det som er nærast kopla til Lesja og verket.

Filipssens signatur, henta frå eit brev til kongen i København 28. august 1660 om jernverket: «Jørgen Phillip Eghd» der dei siste bokstavane nok står for at han signerte sjølv (med egen hånd).

Det var altså Jørgen Filipssen som var den sentrale av dei to stiftarane av verket. Han var medeigar frå stiftinga i 1660 til Irgens gjekk ut i 1674. Deretter var han eineeigar i tre år til han i 1677 selde heile verket til ein kjøpmann frå Nederland, Peter von Schellebeck. Schellebeck bygde opp verket, men hamna i botnlaus gjeld til Filipssen som fekk han sett i gjeldsfengsel.  Filipssen tok att verket og dreiv det til 1687. Eg kjem tilbake til Schellebeck ved eit seinare høve.

Men kven var Filipssen? Det er framleis ukjent, sjølv om fleire kompetente slektsgranskarar har prøvd. Halvdan Koht skreiv om han iNorsk biografisk leksikon i 1952: «Det har vært antatt som sannsynlig at han var en av de danske skriverne som kom til Norge omkr. 1650, men dette er bare løs gisning». Han fekk ikkje eigne etterkomarar, men gifta seg i alle fall i Christiania i 1656 med Anna Bentsdtr. Opphavet hennar er òg ukjent, men ho var enkje etter tidlegare fut i Land og Valdres og rådmann i Christiania Jacob Eggertsen Stockfleth, og hadde fem barn med han. Med Anna fekk Filipssen truleg tilgang til betydelege økonomiske midlar som han nok forvalta godt, som vi skal sjå. Nyare slektsgransking har elles påvist at i Stryn hadde Filipssen ein bror som har etterslekt til i dag.

Filipssen var fødd kring 1620 truleg i Danmark og døydde på Bragernes i 1696. Han gjorde det godt; han var mellom dei aller rikaste i landet mot slutten av livet. Det var neppe jernverket som var viktigaste grunnen til det, men verksemda hans i Nord-Gudbrandsdalen kan nok ha vore til hjelp.

Førebels er det første sporet etter Filipssen i norsk primærkjeldemateriale at han som fut skreiv under rekneskapen for Gudbrandsdalen futedømme for rekneskapsåret 1653–54. Det var ei viktig kongeleg embetsstilling på den tida, med ansvar for all innkrevjing av skatt, politimynde med bygdelensmannen som underordna, påtalemynde og til og med ei viss domsmynde i straffesaker. Vidare hadde futen tilsyn med, og deltaking i, skyldsettingsforretningar, prisar, mål og vekt, sesjonar og utskriving av soldatar. Det er ikkje for ingenting at futen er ein lite populær figur i norske folkeeventyr og tradisjon. Filipssen var som vi seinare skal sjå heller ikkje det, sjølv om han gjekk av alt i 1659 da ein svoger av han, Jens Madssen, tok over stillinga.

Dette var dei åra malmen på Lesjaskogen vart funne og konflikten om rettane til å etablere jernverket utvikla seg. Ein del av den galdt elles nettopp at Filipssen og Madssen som futar begge skulle ha underslått betydelege økonomiske summar frå bøndene i dalen. Den kjem eg altså tilbake til ved eit seinare høve.

Filipssen budde nok neppe i Lesja nokon gong, knapt nok i Gudbrandsdalen. Steig i Fron hadde vore avsett som gard for futen, men det er lite truleg at Filipssen var der anna enn på embetsreiser i dalen. Han var etablert i Christiania alt på midten av 1650-åra, da han kjøpte ein stor bygard i det som etter kvart vart Kongensgate 1 og seinare Vaisenhuset.

Bustaden til Filipssen i Christiania, Kongens gate 1. Foto: Anne-Sophie Ofrim

Dette var òg ei særs uroleg tid i heile Norden. Sverige var i ferd med å bli ei nordeuropeisk stormakt etter trettiårskrigen, og Danmark-Noreg mista store landområde. Krigane som gjekk føre seg frå 1655 til 1661 har namn etter svenskekongen Karl-Gustav, og Danmark-Noreg var motstandar i to rundar, Krabbekrigen 1657–58 og Bjelkefeiden 1658–60. Den første var den mest dramatiske for Noreg; ved fredsavtala i Roskilde overtok Sverige Båhuslen og heile Trondhjems len som Romsdalen var ein del av. Ved starten på krigen utnemnde statthaldaren Filipssen som ammunisjonsskrivar, ei stilling som nok kravde tilhald i Christiania.

Freden i 1658 førte med seg ei oppgåve Filipssen som fut vart involvert i: grenseoppgangen mellom Romsdal og det sørlege Noreg. Det var jo vestgrensa for Lesja, som altså vart riksgrense i 1658. Ein kommisjon vart oppnemnt for å fastslå grensa, og Filipssen skulle som fut hjelpe desse karane. Arbeidet drog i langdrag, så Filipssen vart verande fleire veker på Lesjaskogen, og det var nok da han fekk greie på malmfunna. Det kjem eg altså tilbake til.

Alt i juli 1658 braut det ut krig att; svenskekongen ville nå legge under seg heile Danmark-Noreg. Danmark forsvarte seg intenst og berga København med hjelp frå Nederlanda; i Noreg retta svenskane harde, men mislykka angrep mot Halden.

Mange meiner at avståinga av Trondhjems len til Sverige i 1658 ‘trigga’ ein sterkare nasjonalkjensle over store delar av Noreg. Svenskane vart raskt upopulære i Trøndelag; dei skreiv ut mange soldatar i regiment som vart sendt austover, og i Sør-Noreg vart det mobilisert for å ta att landsdelen. Frå Vestlandet vart det sendt soldatar sjøvegen, og frå Sør-Noreg sette Oplandske infanteriregiment tidleg hausten 1658 i marsj oppover Østerdalen og Gudbrandsdalen.

I dette regimentet var det eit eige kompani med ordinære soldatar frå norddalen, men det som nok er best kjent mellom anna etter Ivar Kleiven er mobiliseringa av friviljuge ‘bondesoldatar’. Over 500 mann under leiing nettopp av futen Jørgen Filipssen og ‘bondekapteinane’ Hans Pålsson Taulstad frå Vågå og Kristen Nilsson Bø frå Gausdal, sette i marsj nordover Dovrefjellet mot Trondheim. Der var dei med på å kringsette byen til svenskane måtte gje opp og Trøndelag med Nordmøre og Romsdalen kom tilbake til Noreg ved freden i København i 1660. Og Jørgen Filipssen fekk betalt for innsatsen i felttoget: privilegium, fritak for tiende, toll og andre avgifter for jernverket på Lesjaskogen.

Hausten 1660 vart ei dramatisk tid for dobbeltmonarkiet Danmark-Noreg. Staten var styrt i fellesskap av kongen og den høgaste adelen, som i praksis var dansk. Denne adelen var frå gamalt friteken for å betale skatt, fordi det var dei som var militærmakta til staten. Nå var staten i realiteten bankerott, det måtte krevjast inn meir skatt, men adelen nekta framleis. Dei som betalte var sjølvsagt bøndene, men i tillegg var dei det nye borgarskapet (sjå Vigga nr. 20 i fjor), ei viktig finansstøtte for staten, det vil seie kongen. Utover hausten akselererte krisa og kulminerte med at adelen gav frå seg styringsretten; kongen vart eineveldig, det som skjedde har vore kalla eit ublodig statskupp.

Jørgen Filipssen var sannsynlegvis ein av dei borgarane som både betalte skatt og lånte pengar til staten, altså kongen, på denne tida. I alle fall fekk han oppgjer på ein måte ein merka i Lesja og mange andre stader på Austlandet: han fekk pant i mange heile gardar og gardpartar rekna etter skyld. Det galdt alle gardane på Lesjaskogen bortsett frå ein del av Bjølverud, og mange gardar vidare sørover hovudsoknet og på Dovre (sjå bygdebøkene). Det galt òg mykje jordeigedom nedover Gudbrandsdalen og utover heile Austlandet: på Fåberg, Toten, Land, Ringerike, Modum og Hadeland. Kongen (staten) løyste ikkje inn panta, og Filipssen fekk da store inntekter av jordleige og etter kvart sal av jordeigedomen til brukarane.

I tillegg dreiv Filipssen betydeleg anna forretningsdrift over store delar av Austlandet, særleg tømmer- og sagbruksdrift, noko som òg gav store inntekter gjennom eksport av trelast.

Men ikkje nok med det. I 1669 vart han av kongen utnemnt som viselagmann, altså meddommar i lagtinget på Opplanda, domstolen på nivå over bygdetinget, og i 1674 overtok han som lagmann. I 1684 vart han assistensråd ved øvste rettsinstans i Noreg, Overhoffretten. Tittelen medførte at Filipssen var ein del av den nye rangadelen som kom med eineveldet. Og han var med i ei lang rad kommisjonar som behandla i hovudsak større økonomiske saker.

Alt dette, som nemnt truleg saman med formuen kona Anne Bentsdtr. hadde med seg i ekteskapet, gjorde Filipssen til ein grunnrik mann. Ved ein landsomfattande ekstraskatt utskriven i 1676 vart skattytarane delte i klassar, og Filipssen var plassert i øvste klasse som den einaste frå Christiania. Han og kona fekk som nemnt ikkje barn saman, så arven gjekk til hennar arvingar. Men i det testamentet dei oppretta i 1685 vart og ein betydeleg sum rekna i jordeigedom avsett til «Den lærde skole» i Christiania og den gamle institusjonen Oslo Hospital. Det er grunnen til at det var dei som selde mange av gardane i Lesja til brukarane utover 1700-talet.

Kjelder og littertaur

Koht, Halvdan 1952: Philipssøn, Jørgen, i Norsk Biografisk Leksikon.

Sprauten, Knut 1992: Oslo bys historie bind 2. Byen ved festningen. Fra 1536 til 1814. Cappelen.

Om sagskurden på Stuguflott-saga (seinare Brøstsaga) i 1726

Det er e i stund sida eg har hatt høve til å sjå meir på verkshistoria nå. Men så fekk eg for ei tid sidan primærkjelda til informasjonen om...